Hopp til innhold

– Det tek kortare tid å produsera enkelte delar, enn å fylla ut papira etterpå

Ei beskyttelseshette må ha meir enn hundre sider dokumentasjon. Nå ønsker mellom anna Statoil å spara pengar ved å kutta ned på store mengder papirarbeid.

Inge Brigt Aarbakke med dokumentasjon

STOR SKILNAD: Dagleg leiar i leverandørbedrifta Aarbakke, Inge Brigt Aarbakke, står med dokumentasjonspapira frå 2006 i den eine handa og for 2015 i den andre handa. Begge bunkane er for same del.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det er strenge krav til dokumentasjon for alt av utstyr og delar som skal brukast av oljeselskapa. Det merker spesielt leverandørindustrien. Dei produserer mykje av utstyret som er i bruk ute på oljeplattformene, og når dei til dømes leverer ei skrue må det følgja med dokumentasjonspapir.

– I 2006 trong me ikkje meir enn dette, seier Inge Brigt Aarbakke, som er dagleg leiar i Aarbakke.

Han held opp ei slank bunke med A4-ark. Så tek han opp ei ny bunke med ark, denne er ti gonger så tjukk.

– Dette er kravet i dag, til den same delen. Ei beskyttelseshette som blir kasta etter bruk. For meg er dette litt overkill, men det er kunden som vil ha det, og det er dei som betalar for det, seier han.

Ei beskyttelseshette må ha meir enn hundre sider dokumentasjon. Nå ønsker mellom anna Statoil å spara pengar ved å kutta ned på store mengder papirarbeid.

TV-SAK: Statoil seier dei vil kutta ned i kravet om dokumentasjon.

Statoil ser på kva som har skjedd

Av dei som stiller strengare krav er Statoil.

– Me har sett at dokumentasjonsmengda har auka kraftig. Me synst at det er viktig å ta tak i dette og endra måten me jobbar på. Det trur eg resten av bransjen også tenker, seier Birgit Solvik Opheim, ho leiar arbeidet med forenkling i Statoil.

Dei jobbar nå med å sjå på korleis dei kan redusera mengda på dokumentasjon.

– Me ønsker å koma ned frå fleire hundre sider dokumentasjonskrav til berre nokre få sider på enkelt utstyr, seier Opheim.

Men kvifor det har blitt slik er det vanskeleg å gjera greie for.

– Det er ei samansett sak, seier ho.

Kartlegging frå Petroleumstilsynet

Ifølgje Aarbakke tek det lengre tid å fylla ut papir for enkelte delar enn det tek å produsera dei.

Nå ønsker også Petroleumstilsynet å finna ut av kvifor det har blitt slik. Dei har sett i gang ei kartlegging for å finna svaret.

– Ein må ha dokumentasjon for å driva på ein god og effektiv måte, men ein skal berre ha det ein treng og ikkje alt det andre, seier Bjørn Thomas Bache i Ptil.

Dei meiner at det ikkje er styresmaktene som er skuld i dokumentasjonsauken.

– Eg trur det er næringa sjølv som har ført inn hovudtyngda av desse krava, seier han.

Inge Brigt Aarbakke er ikkje i tvil om at det er pengar å spara.

– Får dei ned dokumentasjonskravet så får dei også billigare delar, seier han