Hopp til innhold

Vil inspirera jentene ut på isen

Det vrimla av små jenter med stor innsats då Klepp ishockeyklubb og Rogaland Ishockeykrets inviterte til treningssamling på Nærbø.

Hockeyskule for jenter

Tøffe jenter på isen, men Klepp ishockeyklubb ønsker seg fleire.

– Me vil synleggjera jentene i hockey, seier Roger Årdal, leiar for Klepp ishockeyklubb, og ansvarleg for arrangementet Girl`s Superweekend.

Nærare 90 jenter i alderen 7-15 år var med på samlinga, som blei arrangert for første gong i helga.

– Målet er å byggja eit betre sosialt miljø blant jentene. Samstundes håpar me å få rekruttera fleire jenter til sporten. Me treng spelarar, seier Årdal.

Hockeyskule

Martin Strandfeldt stilte som instruktør for jentene.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Utfordringa er ofte foreldra. Dei ser på TV kampar, og ser at det er ein røff sport, så dei blir nok litt redde for å senda jentene ut på isen. Samstundes så er det jo ein sport som er dominert av gutar.

Topp instruktørar

– Det er veldig mange jenter i Stavanger som spelar hockey, og det er gildt å sjå, seier Martin Strandfeldt, tidlegare Oilers- nå Hafrsfjord Kings-spelar.

Han og broren Fredrik Strandfeldt som er trenar i Sverige stilte som instruktørar for jentene. Hovudtrenar var OL- Og VM deltakar Maria Rooth, som også driv hockeyskule for jenter i Sverige.

– Eg prøver å motivera fleire jenter til å spela- og fortsetja å spela hockey, så dette her er eit bra initiativ, seier Rooth.

– Det er viktig å inspirera jentene, og hjelpa dei på vegen. Det kan vera tøft i periodar, men om ein arbeider hardt så når ein kanskje eit landslag til slutt.

– Men er ikkje hockey ein typisk gutesport?

Hockey-skule på Nærbø.

Arrangør Roger Årdal, Hockey-elev Kristina Svendsrud, og instruktør Maria Rooth i Loen på Nærbø.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Slik har det vore lenge, men dei seinare åra har det blitt satsa meir på jenter både i Norge og Sverige. Det er utruleg viktig å satsa på jentene også, for dette er ein sport for alle, understrekar ho.

Håper å læra mykje

– Det er veldig kjekt å spela hockey. Me får trena masse, takla, scora mål, spela kampar seier Ingrid Ulrikke Vestli, som spear for Lørenskog og har kome heilt frå Oslo for å vera med på samlinga.

– Eg synst det er like mykje ein jente- som ein gutesport, understrekar ho.

Ei anna isdronning for dagen er Sunniva Kristine Svendsrud, som gler seg til å læra meir om skøyte- og kølleteknikk.

– Faren min spelte hockey før, og sa at det var veldig kjekt, så då ville eg òg prøva.