Hopp til innhold

Vil ikkje byggje ut meir matjord

Ordføraren i Sandnes vil gi bøndene forutsigbarheit og tryggleik. Han vil difor ikkje gå med på meir utbygging av matjorda i kommunen, enn det som allereie er planlagt.

Stanley Wirak

Sandnes-ordførar, Stanley Wirak trur på ei framtid for landbruket i kommunen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Matjorda i Sandnes er nesten heilag, seier ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.

– No har me gjort avtalar om langsiktige grenser. Me skal byggje ut i Sandnes-Aust, og der må me ta noko matjord, men elles skal me byggje på fjellet og på uproduktiv mark.

For å sikre matproduksjonen i framtida trur han det er viktig å gjera bøndene trygge på at matjorda blir verna.

– Eg trur forutsigbarheit er ein av dei viktigaste tinga, seier Wirak.

Landbrukskonferansen til Sandnes

På måndag skal Sandnes vera vertskap for Landbrukskonferansen 2015. Då kjem viktige aktørar frå sektoren til byen.

Temaet for konferansen er «Meir mat i matfylket?», og det vil bli sett fokus på auka matproduksjon og mattryggleik.

Ei framtid som landbrukskommune

Wirak trur det er rom for meir matproduksjon, også i Sandnes.

– Mat og matproduksjon er på lang sikt ein av berebjelkane hos oss. Sandnes er den fjerde største landbrukskommunen i Rogaland, og her kan me vidareutvikle verdiskapinga i landbruket, seier han.

– Om me finn dei rette nisjane så kan me konkurrere med utlandet. Det å satse på matfylket Rogaland, det er framtida.