Hopp til innhold

– Trolleybuss er den beste løysinga

Trolleybussen opplev ein renessanse i Europa. No vil fylkespolitikarane i Rogaland køyre trolleybuss i Bussveg 2020.

Trolleybuss
Foto: PG Andersson / Trivector

– Det er veldig miljøvennleg, ikkje noko støy, ikkje noko utslepp. Det verkar veldig interessant, og det hadde vore spanande å fått nokre av dei køyretøya hit, seier Ellen Solheim, leiar i samferdselsutvalet (KrF).

Trolleybussar har, føresett at det blir nytta "grøn elektrisitet", i prinsippet ingen utslepp, verken lokale eller globale. Samstundes er trolleybussar svært energieffektive.

Det er årsaka til at fylkespolitikarane i dag vedtok at dei vil greie ut Bussveg 2020 med trolleybussar. Ein busspark på 60 bussar skal vise igjen i bussvegen, som får ein trase, der trafikkgrunnlaget er størst.

Best, men dyrast

– Me må greie ut det beste, seier Solheim, som forventar at regjeringa bidrar, om Rogaland vel den beste miljøløysinga.

For trolleybussen er også dyrast. 25 prosent dyrare enn andre bussar.

Solheim meiner likevel at trolleybuss kan bli beste løysing, og støttar seg på samferdselssjef, Gottfred Heinzerling, som seier trolleybussen er mest stillegåande, mest miljøvennleg og den einaste løysinga som har kapasitet til å frakte så mange passasjerar, som bussvegtraseen er tenkt å kunne ta.

Trolleybuss
Foto: PG Andersson / Trivector

I tillegg til bussvegen, skal den moderne bussparken ha 200 bussar, mange på biogass, til det andre rutenettet.

– Ulik bussteknologi passer til ulike typar ruter og buss-størrelsar. Ein optimal samansetning av vognparken er viktig, seier Solheim.

Trur det blir for dyrt

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er skeptiske til trolleybussen.

– Det er på grunn av prisen, og ikkje fordi den liknar ei bybane, som nokon har antyda, seier Tom Tvedt.

Arbeidarpartiet ønska å få greie ut også gassbussar til Bussveg 2020, og slik blir det, sjølv om Ellen Solheim er kritisk til gassalternativet.

– Gass er berre aktuelt for bussar på 12–15 meter, det vil seia ikkje leddbussar. Men no får me greia ut også gass, og så får vi vurdere kost-nytte verdi, seier Solheim.

Endeleg val av teknologi for de 260 bussane skal gjerast i fylkestinget i juni 2015.