Hopp til innhold

Vil ha omkamp om nytt sjukehus

Lokalpolitikarar vil gjera opprør mot helseministeren si sjukehusplassering i Stavanger. Dei meiner at det skjuler seg ei kostnadsbombe i infrastrukturen i samanheng med ei utbygging på Ullandhaug.

Frode Myrhol (FNB) og Bjarne Kvadsheim (Sp)

FLEIRTALSGRUPPE: Frode Myrhol (FNB) og Bjarne Kvadsheim (Sp) har saman med Ap, Frp, MDG, SV danna eit fleirtal i bystyret i Stavanger som ønsker å sjå nærmare på sjukehusplasseringa.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Bent Høie

Den 11. januar i år kunngjorde Bent Høie at det nye sjukehuset i Stavanger skulle liggja på Ullandhaug.

Foto: Erik Waage / NRK

Sju parti har nå gått saman om å danna ei fleirtalsgruppe i bystyret i Stavanger, dei vil ha omkamp om lokaliseringa av det nye sjukehuset i byen. Dette sjølv om helseminister Bent Høie (H) allereie har bestemt at det skal ligga på Ullandhaug.

– Me vil ha fram dei reelle kostnadane ved ei utbygging på Ullandhaug. Me har fått ein pris på sjukehuset, men sjukehuset er ein ting, me vil ha ein pris på alt det som kjem i tillegg av vegbygging og den type ting, seier Bjarne Kvadsheim frå Senterpartiet.

Det er Ap, Frp, FNB, MDG, SV, Sp og Pensjonistpartiet som dannar fleirtalet som er kritiske til at sjukehuset blir bygd på Ullandhaug. Dei meiner at totalkostnaden ved bygging på Ullandhaug er langt større enn det som har kome fram.

Sjølv partia trugar med reguleringsplanen, er det ulik oppfatning mellom partia av kor langt dei vil strekka seg. Gruppeleiar for Frp i Stavanger Christian Wedler seier at det for dei er uaktuelt med ein omkamp.

– Det me seier er at me vil stilla strenge rekkefølgjekrav som vil føra til at staten sørgjer for eit minst like godt kollektivtilbod som det er til dagens sjukehus, seier Wedler.

Held reguleringsplanen som gissel

– Kven er det som skal betala den prisen. Skal me få ei ny rekning som me skal senda til innbyggarane våre, eller er det staten som kjem og tek den rekninga? spør Kvadsheim.

Makta til å stilla seg mot staten på denne måten ligg i reguleringsplanen som må fattast av lokalpolitikarane. Dei skal stilla svært strenge krav til at reguleringsplanen for nytt sjukehus går gjennom.

John Petter Hernes

John Petter Hernes (H) fryktar at trugslane frå kollegaene i bystyre kan forseinka sjukehusbygginga med fleire år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

John Petter Hernes er partifelle med helseministeren, og lokalpolitikar i bystyret i Stavanger. Han liker ikkje det som nå skjer.

– Det er fullt mogleg å stikka kjeppar i hjula for folk, men det vil både vera dyrt og forseinkande for prosessen, så det håper eg verkeleg ikkje skjer, seier han til NRK.

Vil ha garanti frå staten

Hernes er også styremedlem i Helse Stavanger og tilhengar av Ullandhaug som lokasjon for nytt sjukehus.

– Dette er vedteke på alle nivå. På sjukehuset, i Helse Vest og av helseministeren. Alle planar blir nå drivne fram av at dette er på plass, seier han.

Men dersom ikkje staten garanterer for å betala kvar krone det kostar å rusta opp infrastrukturen på Ullandhaug til det nivået som ein har på Våland i dag, kan opprørarane nekta å godta den nye reguleringsplanen.

– Dersom dette forseinkar prosessen med nokre månader meiner eg at det er verdt det for å få eit best mogleg vedtak, seier Frode Myrhol i (FNB).