Hopp til innhold

Vil ha nordsjøturnus i helsevesenet

Høgre vil ha ei veke på og ei veke av for tilsette i det kommunale helsevesenet. Fagforbundet fryktar for helsa til arbeidstakarane.

Christine Sagen Helgø

Christine Sagen Helgø er ordførarkandidaten til Stavanger Høgre.

Foto: Nyhetsspiller

Bufelleskap, demensavdelingar på sjukeheimar og avlastingsbustader er døme på arbeidsplassar der Christine Sagen Helgø, ordførarkandidat i Stavanger, kunne tenkt seg nordsjøturnus.

Erfaringar frå Bergen viser at det er ein god idé, seier ho:

– Evaluering viser at også dei tilsette er nøgde med ordninga, dei føler at dei får meir tid med bebuarane.

Gullfaks C

For oljearbeidarar er turnusar på til dømes to veker på og tre veker av heilt vanleg.

Foto: Øyvind Hagen / StatoilHydro

Ho meiner også at bebuarane får meir ro og stabilitet rundt busituasjonen sin. Dette er eit argument Fagforbundet forstår, dei er likevel skeptiske.

  • Kva meiner du om nordsjøturnusar i helsetenesta? Sei meininga di nedst!

Oljearbeidarar i Nordsjøen er vande med denne type turnusar, men fagforbundet er kritiske til å innføra dei på landbaserte arbeidsplassar.

– Arbeidsmiljølova er tydeleg på arbeidsvaktenes lengde, derfor kan ein ikkje utan vidare innføra dette på landbaserte jobbar i offentleg sektor.