Hopp til innhold

Kan bli mobilforbod på alle skular i Stavanger

STAVANGER (NRK): Elevane skal ikkje lenger få bruke mobiltelefonane i skuletida, dersom politikarane får det som dei vil. Elevar og lærarar er skeptiske.

Kannik skole Stavanger

SKEPTISKE: På Kannik skule i Stavanger får dei per i dag ha mobilen tilgjengeleg, men samstundes ikkje bruke den i undervisninga. Det er både lærarar og elevar nøgde med.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Fleirtalspartia vil har mindre skjermtid for ungane i kommunen, og vil at mobilen skal vere utilgjengeleg, også i friminutta.

– Eg trur både elevar og foreldre kjem til å gå i mot forslaget. Mobilen er avhengigheitsskapande, men samstundes er det eit veldig godt verktøy, seier Mona Lill Angell-Olsen, elevrådsleiar på Kannik skule i Stavanger.

Mona Lill Angell-Olsen

Elev Mona Lill Angell-Olsen meiner mobilen har komme for å bli.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ho trur mobilfri skule blir eit vanskeleg prosjekt for politikarane. Men det nye fleirtalet i oljebyen er klar på at dei ønsker mindre skjerm- og mobiltid for elevane ved dei om lag 50 skulane i kommunen.

– Vi vil at dei skal ha meir tid til å leike og drive med andre aktivitetar, og skrive med penn og papir. Rett og slett få ei digital pause, seier Stavanger-politikar Eirik Faret Sakariassen (SV).

For å oppnå dette målet, vil han og samarbeidspartia Ap, Raudt, MDG, FNB og Sp innføre mobilforbod på alle grunnskulane i Stavanger, frå fyrste til tiande trinn.

Eirik Faret

Eirik Faret Sakariassen (SV) ønskjer at ungane skal få ei digital pause, og vil innføre mobilforbod i stavangerskulen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– No skal vi, saman med skulane, Utdanningsforbundet og andre aktuelle aktørar, finne ut korleis vi skal forme dette i praksis. Det viktigaste for oss er at det skal vere felles retningslinjer. At ikkje kvar enkelt lærar og skule må ha diskusjon om dette lokalt, seier han.

Digital pause i kvardagen

I dag er det opp til skulen å bestemme kva slags reglar ein skal ha for mobilbruk i skulen. For mange skular er det vanleg at elevane kan bruke mobilen i friminutta, men ikkje i skuletimane.

Mobilhotell på Giske ungdomsskole

Hausten 2016 innførte Giske ungdomsskule i Sandnes mobilhotell. Ordninga vart godt tatt i mot av både elevar, lærarar og foreldre.

Foto: Lise Marit Kalstad / NRK

Fleire nyttar seg av såkalla «mobilhotell», kor mobilen ligg medan dei har undervisning.

Samarbeidspartia vil også fase ut ordninga der alle elevane i fyrste til fjerde trinn får kvar sin private PC.

– Er ikkje dette å gå imot teknologiutviklinga?

– Vi skal framleis ha PC-ar i skulen, men kvar enkelt elev skal ikkje få sin eigen lengre. Det skal vere skule- og klassesett med datamaskiner tilgjengeleg som kan takast fram når læraren meiner det er behov for det.

Dette tiltaket sparar kommunen for tolv millionar kroner over fire år.

– Må vere opp til kvar enkelt

Utdanningsforbundet i Stavanger liker ikkje at politikarane skal bestemme korleis det skal vere i klasserommet og undervisninga.

– Det er lærarane som veit kva som er best for kvar enkelt elev, og vi ønskjer difor at det er lærarane som skal styre dette i undervisninga, seier leiar Inger Grødem Andersen