Hopp til innhold

Denne utsikta skal lokka fleire turistar

Fjellformasjonen Skomakarnibbå i Hjelmeland er spektakulær og segnomspunne. Nå arbeider sentrale personar innan reiseliv for at fleire skal oppdaga fjellperla i Ryfylke.

Skomagernibbå

VIDEO: Blir med på tur til Skomakarnibbå med ordføraren i Hjelmeland og leiaren for Stiftelsen Preikestolen.

Målet er at ein del av dei 250.000 turistane som går til Preikestolen i år, også besøker andre turmål i Ryfylke.

Fjellformasjonen Skomakarnibbå er eit slikt alternativ, meiner hjelmelandsordførar Trine Danielsen (H).

– Skomakarnibbå er faktisk 100 meter høgare enn Preikestolen. Du ser rett ned i Jøsenfjorden og mange kommunar på same tida. For meg er dette den finaste utflukta eg kan ha på ein søndag.

– Fantastisk turmål

Skomakarnibbå

Skiltet til turmålet.

Foto: Ole Andreas Bø

Hanne Sundbø er vert i Sofiehuset på garden Hagalid. Også ho har veldig stor tru på å i større grad marknadsføra Skomakarnibbå som turmål.

– Det er eit fantastisk turmål. Du får veldig mykje igjen for strevet det er å komma opp, for det er anstrengande å komma fram, seier ho.

Audun Rage arbeider til dagleg med å legga tilhøva til rette for dei 250.000 turistane som denne sesongen går til Preikestolen. Ein kortare og mindre anstrengande tur.

Men tretimarsturen opp til Skomakarnibbå, 700 meter over Jøsenfjorden, har også eit potensial til å trekka til seg turistar, meiner han.

– Kjerag og Kjeragbolten blei oppdaga for 20 år sidan og har alt etablert seg med ein internasjonal posisjon. Det viser at det går an. Skomakarnibbå har langt på veg dei same kvalitetane, seier Rage, som er dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen.

(Artikkelen held fram under bilete).

På veg til Skomakarnibbå

Audun Rage (Stiftelsen Preikestolen) og Trine Danielsen (ordførar, Hjelmeland) har stor tru på Skomakarnibbå som turmål.

Foto: Ole Andreas Bø

Segnomspunne

Skomakarnibbå er også segnomspunne. Segna fortel om ein skomakar som var dømt til døden. Han fekk leva på vilkår av at han skulle sitja på fjellet sin yttarste spiss og sy ferdig eit par sko.

Like før han var ferdig med arbeidet fekk han auga på eit brudefølge som rodde utover fjorden under han. Han blei svimmel, mista balansen og forsvann i avgrunnen, ifølge segna. Og slik blei altså namnet til fjellformasjonen til.

Det heiter seg også at fjellet skal ramla ut i fjorden når sju søstrer som giftar seg på same dag, ror ut over fjorden.

Skomakarnibbå

Skomakarnibbå i Hjelmeland, 700 meter over Jøsenfjorden.

Foto: Ingvald Nordmark