Hopp til innhold

Vil ha fleire slike skilt

Stavanger kommune ønsker at folk i større grad skal få sykla mot trafikken i einvegskøyrde gater. Yrkessjåfør Sven Paulsen frykter at det vil resultera i alvorlege trafikkulukker.

Stavanger kommune ønsker at folk skal få sykla mot trafikken i einvegskøyrde gater.

Roar Børresen leiar sykkselsatsinga i Stavanger kommune og vil ha inn tips om vegar i kommunen der syklistane ikkje lovleg får sykla mot biltrafikken.

Roar Børresen, som leiar sykkselsatsinga i Stavanger kommune, går nå inn for nye privilegium til syklistane. Han ønsker at folk skal få sykla mot trafikken i einvegskøyrde gater, i større grad enn det dei allereie får.

– Det er plass til både bilar og møtande syklistar i dei einvegskøyrde gatene, så dette vil ikkje vera trafikkfarleg, seier Børresen.

Han har allereie fått inn tips om ti ulike vegstubbar i kommunen der syklistane ikkje lovleg får sykla mot biltrafikken, og han ønsker fleire.

– Me vil ha hjelp frå syklistar, slik at me kan ta det vidare opp med samarbeidsgruppa, som er består av politiet, vegvesenet og kommunen, seier han.

– Kan føra til ulukker

Sven Paulsen køyrer minibuss for Rogaland taxi, og er svært kritisk til dette. Han har allereie sett fleire farlige situasjonar i Holbergsgate i Sandnes, der dei har innført ordninga.

– Syklistane legg seg midt i vegen og gir blaffen i bilanr som kjem imot. Eg har sett fleire bilistar som har måtta svinga vekk for å ikkje krasja med syklistane, så dette kan føra til alvorlege ulukker, seier Paulsen.

Børresen er ikkje med på desse notene.

– Eg kan ikkje forstå at dette skal vera farleg, det er låg fart og god sikt. Syklistar bruker som vanleg vit og syklar roleg på slike trassear, seier Børresen.