Hopp til innhold

Vil ha betre tid til kommunesamanslåing

Stavanger Arbeidarparti meiner Regjeringa må gi kommunen betre tid til å prata med nabokommunane om ei eventuell samanslåing. Ikkje vits i å hala det ut, svarar Høgre.

Flyfoto Stavanger

DEL AV NY STORKOMMUNE? Blir Stavanger ein del av ein ny storkommune på Nord-Jæren? Politikarane ønskjer det, men nabokommunane er skeptiske.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Vallogo

Ikkje uventa vedtok fleirtalet i Stavanger bystyre på måndag å starta samtalar med nabokommunane om samanslåing. Men Stavanger Arbeidarparti meiner den gitte tidsramma frå Regjeringa er for bastant.

Ettårsmarkeringen, Kristine Gramstad

– IKKJE STRESS: Kristine Gramstad (Ap) vil ikkje at det skal vera ein tidsfrist for kommunesamanslåinga. Det må få den tida det treng, meiner ho.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Siste kommunereform i Noreg skjedde for 50 år sidan, og dette må få den tida det treng, om det tek det to og eit halvt år eller fire år. Det viktigaste er at ein kjem ut med noko som alle er komfortable med, seier Kristine Gramstad (Ap).

Nord-Jæren

– Meir enn nok

Tidsramma Regjeringa har lagt opp til er frå 2014 til 2016. Og fleirtalet, med Høgre i spissen i Stavanger bystyre, meiner dette er god nok tid.

Erlend Jordal

GOD TID: Erlend Jordal (H) meiner tidsfristen er meir enn god nok.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Me skal bruka den tida me treng, men det at prosessar skal gå lenger enn to og eit halvt år er å hala ut ting ein ikkje treng å hala ut. To og eit halvt år bør vera ei fornuftig ramme for å få til dette, seier Erlend Jordal i Høgre.

Men samtalane som Stavanger no ønskjer med nabokommunane sine, kjem til å bli veldig krevjande. Sandnes ønskjer ikkje kommunesamanslåing, og jubelen står ikkje i taket i Randaberg heller. Likevel trur både Jordal og Gramstad at dei vil nå fram.

Trur på snuoperasjon

– Å setja seg ned og diskutera saman er mykje betre å begynna med enn å vera veldig bastante på at me skal ha kommunesamanslåing, seier Gramstad.

– Så du trur Sandnes kan overtalast?

– Det er gode argument som talar for at me kunne vore betre tent med å sjå på dette på ein annan måte. Eg trur me har handtert prosessen på ein ganske klønete måte. Me må tilbake til diskusjonsbordet om me skal koma oss vidare, seier Gramstad.

– Med ein større kommune forsvinn ikkje identiteten til dei enkelte. Det blir to byar i ein kommune, og Sola, Tananger og alle dei forskjellige plassane vil framleis ha sine særeigne preg og identitetar, avsluttar Jordal.