Hopp til innhold

Vil behalde kamera i drosjane

Som dei einaste i landet, har drosjene i Sandnes hatt kameraovervaking i sine bilar i fleire år, men Datatilsynet har slått fast at dette ikkje er lovleg. Nå håpar drosjenæringa på ei lovendring.

Kameraovervaking av drosjar

Sandnes Taxi har i lang tid hatt kameraovervaking i bilane sine.

Foto: Erik Sergio Auglend / NRK

Styreleiar i Sandnes Taxi, Lars Alsåker, viser fram det vesle overvakingskameraet, som er plassert i frontruta i taxien hans.

Videokamera i taxibilar

Videokameraet er festa til frontruta i bilane til Sandnes Taxi.

Foto: Erik Sergio Auglend / NRK

Datatilsynet har sagt nei til vidare bruk, og nå ber taxinæringa politikarane om hjelp for å gjera det lovleg med kameraovervaking i drosjar.

Men med eit slikt kamera blir du jo konstant overvaka på jobben?

– Det ser eg på som eit "ikkje-problem", svarar Alsåker.

Slutt frå 1. mars

Men nå er det slutt på overvakinga. Både Datatilsynet og Personvernklagenemnda har sagt at kamera som rullar i drosjen heile tida, ikkje skal vera lov. Derfor må desse vekk innan slutten av månaden.

Styreleiar i Sandnes Taxi, Lars Alsåker

Lars Alsåker er styreleiar i Sandnes Taxi.

Foto: Erik Sergio Auglend / NRK

– Passasjerane har følt seg trygge i våre bilar. Det har også sjåførane gjort. Etter at me monterte kamera, har me mest ikkje hatt tilfelle av valdsbruk i drosjen, seier Alsåker.

Ber om hjelp frå Stortinget

Sandnes Taxi har nå sendt brev til alle stortingsrepresentantane i Rogaland, der dei ber desse gå i spissen for ei lovendring når det gjeld videoovervaking av drosjar. Men slett ikkje alle politikarane er like klare for dette. Iselin Nybø frå Venstre er imot.

Iselin Nybø

Iselin Nybø er stortingsrepresentant for Venstre frå Rogaland og er skeptisk til videoovervaking av drosjane.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er alltid gode omsyn som ligg bak det å overvaka. Men dersom du vil avgrense overvakinga i samfunnet, må du setje strek ein stad.

– Å filme ein heil taxitur, som er såpass privat inne i ein bil, det er ikkje greitt. Det å ta stillbilder inn og ut av taxien, og at sjåføren har ein alarmknapp, det må vera nok.

Skal lodde stemninga

Sveinung Stensland frå partiet Høgre er ikkje avvisande til forslaget frå taxinæringa, men han er likevel i tvil om initiativet kjem til å føre til ei lovendring.

– Det har vore mykje støy rundt overvaking dei siste åra, og eg er slett ikkje sikker på at det går an å få fleirtal for eit slikt forslag. Me må i alle fall lodda stemninga først, seier han.

Næringa stiller seg bak

Norges Taxiforbund støttar Sandnes Taxi fullt ut. Fylkesleiar i Rogaland, Ole Henrik Olsen, er sikker på at dei fleste taxiane i landet kjem til å installere videoovervaking, dersom det blir lovleg.

– Dette er ikkje opptak som sjåførane kan ta ut og leggje på You Tube, for å seie det slik. Dette er forsegla greier, som berre blir plukka ut av politiet i ein eventuell sak, seier han.