– Det er viktig at innvandrarar engasjerer seg. Og det er også viktig at oss ungdomar gjer det, for framtida er vår.
Nesma Alnajar har nett fylt 18 år, og gler seg til ho skal nytta stemmeretten sin for første gong til hausten.
Vil skapa engasjement
I Klepp kommune har om lag 2.200 personar innvandrarbakgrunn frå om lag 100 land. Det utgjer 12 prosent av innbyggjarane i kommunen. Onsdag kveld inviterte politikarane til eit møte i rådhuset med hensikt å skapa kontakt mellom innvandrarar som bur i kommunen og politikarane.
– Å få folk til å stemma er eit av hovudpoenga med samlinga her i kveld. Og dersom me klarer å oppnå at nokon har lyst å stilla på ei lista og kanskje hamna i kommunestyret, så er det ein kjempebonus, seier ordførar Ane Mari Braut Nese (H).
Det er ingen innvandrarar i kommunestyret, men ordføraren skulle gjerne hatt med nokon med ein anna bakgrunn.
– Me skulle hatt tre innvandrarar i kommunestyret, men me har ingen. Det er for gale.
Eg ser at det er vanskeleg for fleire parti å få innvandrarar på lista. Det er nok mange innvandrarar som ikkje er klar over kva moglegheiter og rettar dei har, seier ho. Braut Nese har eit håp om at eit av partia skal ta med nokon med innvandrarbakgrunn på partilista si før dei leverer den til kommunen.
Rosa initiativet
Også Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa var med på samlinga onsdag kveld.
– Eg er mektig imponert over initiativet som kommunen har tett, og også det store oppmøtet. Dette er ein god moglegheit til å treffast på tvers av både nasjonalitet og politiske parti. Å møtast ansikt til ansikt og snakka saman, stilla spørsmål og få gode svar.
– Det er kjekt å høyra på dei ulike partia og finna ut kva dei vil gjera for samfunnet, seier Nesma.
Men kven som får stemma hennar i september har ho ikkje bestemt seg for endå.
– Eg må tenkja litt på det, smiler ho.