Det var Bryne som opna best i treningskampen mot Viking i Randaberghallen i kveld. Alt etter sju minutt tok jærlaget leiinga ved Oddbjørn Skartun.
Målrikt
Men halvvegs ut i omgangen snudde kampen. Då utlikna Viking ved Samuel Adegbenro, før nykomlingen Aniekpeno Udo sende Viking opp i leiinga 2-1 etter ein dryg halvtime.
Sju minutt ut i andre omgang scora Adegbenro nok ein gong for Viking, etter eit innlegg frå Suleiman Abdullahi. Før Patrick Pedersen auka leiinga til 4-1 i det 76. minutt.
Kampen enda til slutt 4-1 til Viking.
Årets beste kamp
– Eg synst det var ein bra kamp. Vertfall årsbeste for oss, seier trenar i Viking, Kjell Jonevret etter kampen.
– Dei fekk eit tidleg mål, men etter det synst eg at me hadde god kontroll i første omgang. Andre omgang var litt rufsete i starten, men så vågar me å halde meir på ballen, og Bryne blir trøtte, så alt i alt ein bra kamp frå vår side, utdjupar Jonevret.