Hopp til innhold

Neste år kan troppen bestå av 17 spelarar

Viking FK må ta grep for å få orden på økonomien. Etter det NRK erfarer vil klubben både kutta løn og spelarar.

Sliter med økonomien.

I starten av 2015-sesongen hadde Viking 25 spelarar. Neste år er dei kanskje åtte færre.

Viking har for første gong i klubben si historie hamna i Norges Fotballforbund si økonomiske raudsone, og planen for å koma ut av uføre over ein periode på tre år er nå lagt. Etter det NRK har fått kjennskap til vil eitt av fleire tiltak vera å kutta kraftig i spelarstallen.

Charlie Granfelt

Styreformann i Viking, Charlie Granfelt, vil ikkje kommentera påstandane om kutt i tropp og løn.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Troppen, som i dag er på 21 spelarar kan neste år bli redusert til 17. Det vil i så fall svekka klubben stort trur tidlegare Viking-spelar Jørgen Tengesdal.

– Dette er eit sjansespel. Dei vil vera svært sårbare når det kjem til skader og karantenar, men det kan sjølvsagt la seg gjera dersom alle 17 er gode nok for førstelaget. Men kvifor ikkje supplera med tre til fire talentlærlingar, spør Tengesdal.

Kutt i løn

I tillegg til at talet på spelarar må ned, vil det mest truleg også skje noko med løna til dei spelarane som er att. Vel 80 prosent av kostnadene til klubben er i dag knytt opp mot løn. Spelarløningane kan derfor bli kutta med mellom 10 og 20 prosent.

NRK har prøvd å få kommentar frå styreformann Charlie Granfelt, men han ønsker ikkje å kommentera tala på nåverande tidspunkt, fordi klubben er inne i ein fase der dei diskuterer tropp og lønsnivå for neste år.

I går starta Viking kampanjen #egbryrmeg, som også er ein del av vegen ut frå det økonomiske uføre klubben har hamna i. Dette er ein kronerulling-kampanje for å få inn pengar frå vanlege folk. Klokka 21.30 om kvelden hadde det nesten kome inn ein kvart million kroner.