Hopp til innhold

Viking får «Cheer Team» i pausen

Viking FK vil laga meir liv og røre rundt heimekampane og søker nå kvinner til såkalla «Cheer Team» i pausane.

Ellingsøy Pirates

Cheerleading er ein av dei raskast veksande sportsgreinene i Norge. Snart kan du sjå liknande dansarar, såkalla «Cheer Team», på Viking stadion. Dette er bilde av Ellingsøy Pirates før NM i 2012.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Viking vil skapa meir liv i pausane og dette blir ein liten del av dette, seier Linda Carstensen.

Ho arbeider i Elixia og har fått jobben med å laga eit Viking «Cheer Team».

– Dette må ikkje forvekslast med Cheerleading. Dette er ikkje snakk om klatring på skuldrene og den typen ting. Det blir dansetrinn, litt duskar og engasjement og glede, forklarer Carstensen.

LES OGSÅ: Cheerleading-feber i Stavanger

Reaksjonar

Linda Carstensen

Linda Carstensen.

Foto: Magnus Stokka

Etter at Viking annonserte at dei søker kvinnelege dansarar laurdag, har det kome blanda reaksjonar på klubben si Facebook-side.

«Off da. Flaut.» «Hva skjer? Er dette fotballklubben Viking! Dette er bare pinlig.»

Andre er meir positive.

«Heilt fantastiskt, kjør på Viking.»

Glade for engasjement

Kommersiell direktør i Viking, Dag Ove Aksland, synst berre det er flott at folk har sterke meiningar om klubben.

– Me er glad for at det er engasjement rundt klubben. Men så lenge fleirtalet vil ha dette, lyttar me til dei. Også spelarane har etterlyst engasjement på stadion, seier han.

Han viser til at «Cheer Team» har blitt stor suksess i Danmark og hos toppklubben FC København.

– Fotballen vil alltid vera hovudproduktet, så bygger me opplevingar rundt den. Me er i underhaldningsindustrien, seier Aksland.

LES OGSÅ: Cheerleader: –Dette er ekstremsport

Audition på søndag

Carstensen i Elixia poengterer at det berre er snakk om fire minutt danseunderhaldning i pausen. Ifølge Aksland kan det også bli arrangert danseinnslag både før og etter kampane.

– Me har god erfaring med å skapa liv og røre rundt sandvolleyballturneringane i Vågen i Stavanger. Under volleyturneringane er det òg dansing under kampane. Det blir det ikkje på Viking stadion, seier ho.

Viking har audition på søndag og søker danseglade damer mellom 16 og 30 år. Går alt etter planen kan folk oppleva danseunderhaldning i pausane i Jåttåvågen under første heimekamp mot Strømsgodset 4. april.