Hopp til innhold

Vil heller på cruise enn på chartertur

Charter-turismen går kraftig ned over heile landet. Folk vil heller reise på cruise, og snikre reisene sine sjølve, meiner reiselivsekspert.

Talet på charterturistar går ned.

– Det er ein trend at charterturar har blitt mindre populære enn før, seier professor i reiseliv ved UiS, Reidar Mykletun.

I dag la Avinor fram sine halvårstal for passasjertrafikk. Dei viser at charterturane blir stadig mindre populære i heile landet.

Ved Stavanger lufthavn Sola har nedgangen det siste halve året vore på over 20 prosent.

– Mest sannsynleg så er charter eit produkt som er forelda og litt utsliten. Folk reiser på andre måtar. Og då er det to andre trendar me ser tek over, den eine er å skreddarsy reisa si sjølv, og den andre er at dei som tidlegare reiste på charter no dreg på cruise, seier Mykletun.

Reidar Mykletun

Professor i reiseliv ved UiS har tru på at fleire vil reise på cruiseferie.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Og reiselivsprofessoren trur at cruiseturismen vil halde fram med å stele charterturistane.

– Cruise er ein intelligent business. Du går om bord og så blir du frakta rundt i ein fin båt til fine stadar. Det er eit smart produkt. Prismessig er det også ein god konkurrent, seier Mykletun.

Fleire reiser med fly

Men sjølv om chartertrafikken går ned, er det fleire som flyr. Talet på reisande ved Avinor sine flyplassar auka med 4 prosent i årets seks første månadar.

Hittil i år har totalt 24,4 millionar passasjerar reist til og frå Avinor sine flyplassar. Størst var veksten i utanlandstrafikken, med 6,2 prosent.

I juni gjekk talet totalt i Avinor opp 6,5 % samanlikna med i fjor, og ved Stavanger lufthavn Sola auka passasjertalet med 4,2 % i juni.

– Folk pakkar reisene sine sjølve, og bestiller billegare reiser på nettet. Dei vil ha noko som er meir spanande enn dei tradisjonelle pakkereisene, meiner reiselivsforskaren.

Sol og strand

Dei tradisjonelle charterturane er ikkje lenger like populære.

Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX

Må tenke nytt

På Stavanger lufthavn Sola meiner dei at operatørane må tenke nytt, og kanskje meir eksotisk. Difor prøvar dei seg med charterturar til Mexico og Thailand komande vinter.

– Då desse Mexico-turane gjekk i fjor, så vart dei utselde på berre nokre timar. Så kanskje man må sjå på litt lengre avstandar og meir eksotiske reisemål, seier Ina Eldøy, kommersiell sjef ved Stavanger lufthavn Sola.

Ina Eldøy

Ina Eldøy trur operatørane må tenke nytt.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Aktivitetsferie er i vinden

Reisande på flyplassen på Sola meiner at charterturane må bli meir spanande, og at aktivitetsturar no er meir i vinden.

– Det trur eg er det som kjem meir og meir. Og ikkje den typiske badeferien, der ein berre ligg på ei strand, seier Anne Tove Østenå Jensen.

– Har charter blitt kjedeleg?

– Ja, litt kjedeleg, meiner Jensen.

Men nokre vel framleis charterturen.

– Aktivitetsferier trur eg det blir meir og meir av. Og me byrja med det for lenge sidan. Men det høyrer jo med til historia at i vinter så var me på ein chartertur til Gran Canaria, så me har ikkje slutta heilt med det, seier Kirsten Ree Jensen.