Hopp til innhold

Vamp tilbake i gamal drakt

Vamp har klart å lokka med seg sin første vokalist på turne. Dermed kan ein i haust oppleva songar som «Tir n'a Noir» og «13 Humler» med orginalrøysta.

VAMP

VAMP I 1998: Jan Ingvar Toft (t.v.) saman med Øyvind Staveland, Carl Tore Apeland og Torbjørn Økland for 20 år sidan. I haust skal dei på turne, saman med fleire andre artistar som har vore involverte i Vamp dei seinare åra.

Foto: HELGE HANSEN / Scanpix

Jan Toft

Jan Toft i dag.

Foto: Warner Music

– Det er som å vera tilbake frå start av, og det er nesten ikkje nødvendig å øva, seier Øyvind Staveland, som er svært glad for å ha med seg den gamle vokalisten på turne i haust.

Det var i 1998 Vamp-vokalist Jan Ingvar Toft hadde fått nok, og sa opp på direkten i ei lokal radiosending, utan at nokon i bandet hadde fått beskjed i førevegen.

Han hadde då vore med på fem album med visegruppa sidan 1993, og har seinare fortalt at han mista lysten på å laga musikk.

20 år sidan første plate

Haugesundsbandet heldt fram med ny vokalist, og har jamleg gitt ut plater fram til «Liten fuggel», som kom ut i fjor, der det mellom anna er Odin Staveland som syng.

Frå Toft var det i desse åra rolegare på musikksida, fram til for to år sidan, då han kom ut med soloalbumet «Alle e aleina».

Og nå har altså Vamp klart å få han med seg på haustturne:

– Me skal markera 20-års jubileet til gruppa med ei samleplate som heiter «To med alt». Tidlegare har me gitt ut ei som heiter «Ei med alt», der Toft er hovudvokalist, fortel Staveland.

Skal ta seg ein pause

Det blir mellom 40 og 50 konsertar der stemma bak songar som «Tir n'a Noir», «13 Humler», «Hallo, Adjø» og «Sitte Å Tenke».

Mange håper nok at det kan bli meir enn dette konsertsamarbeidet, men Staveland vil ikkje lova noko.

– Me har i alle fall ikkje planlagt meir enn å jobba ut året, og så skal me ta oss ein solid pause, slår han fast.

Første konsert i den nye turneen skal spelast i Haugesund på Maritim Hall i oktober. NRK har ikkje lukkast med å koma i kontakt med Jan Ingvar Toft sjølv om turneen.

Sjå Toft synga «Tir n'a Noir»: