Hopp til innhold

Jente (17) overfalt på Karmøy – trudde ho skulle bli drepen eller valdteken

Politiet på Karmøy jaktar ein overfallsmann, som skal ha prøvd å dra av buksene av ei 17 år gamal jente i går kveld. Jenta kom seg unna det ho oppfatta som eit draps- eller valdtektsforsøk.

Politiet i Åkrehamn etter voldtektsforsøk på Karmøy

Fredag føremiddag var politietterforskarar på staden der jenta blei overfalle. Overfallet skjedde i Åkrehamn sentrum, eit stykke bak Hauges bakeri.

Foto: Kristian Eidesvik

Klokka 23.45 i går kveld fekk politiet informasjon om ein mann som skal ha lagt ei 17 år gamal jente i bakken og deretter forsøkt å få av ho buksene i Åkrehamn sentrum på Karmøy.

Politisperringer på Karmøy

Politiet rykka ut og søkte i natt etter overfallsmannen. Ein hundepatrulje har også vore med i søket og undersøkinga av åstaden.

Foto: Kristian Eidesvik

Fredag ettermiddag har politiet framleis ingen mistenkt i saka.

Kom seg unna

Politiet rykka ut og har i natt søkt etter overfallsmannen. Ein hundepatrulje har også vore med i søket og undersøkinga av åstaden. Utan resultat.

– Overfallet skal ha blitt avbrote ved at jenta skreik og deretter klarte å springa vekk frå gjerningsmannen, skriv operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne-Reitan, i politiloggen.

Artikkelen fortset under kartet.

Overfall i Åkrehamn

Overfallet i går kveld skjedde eit lite stykke bak Hauges bakeri (markert i kartet). Fleire leilegheiter har direkte sikt til åstaden, og politiet vil ha tips frå folk som kan ha sett noko.

Foto: Google maps

Jenta, som sprang frå gjerningsmannen, støytte på ei anna jente og bad henne om hjelp. Saman ringde dei på ei dør i nabolaget. Her budde det ein mann som straks varsla politiet om hendinga.

Den fornærma jenta fortalde at ho trudde mannen anten ville drepa ho eller at han ville valdta ho.

Politiet treng tips

Fornærma er undersøkt av politi og helsepersonell, og politiet har sett ho i kontakt med valdtektsmottaket.

– Sidan fornærma framleis ikkje er ferdig avhøyrt, kan me på dette tidspunkt ikkje gå ut med ei beskriving av gjerningsmannen, men me er interesserte i tips frå publikum, skriv Utne-Reitan.

Artikkelen held fram under biletet.

Politiet i Åkrehamn etter voldtektsforsøk på Karmøy

Politiet har mellom anna gjort rundspørjingar etter overfallet natt til fredag.

Overfallet skjedde i Åkrehamn sentrum, eit stykke bak Hauges bakeri. Her skal det vera direkte sikt frå fleire leilegheitsbygg i området. Det er Karmøy lensmannskontor som leiar etterforskinga.

– I dag vil me halda fram med vitneavhøyr og avhøyr av jenta, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Agnar Austerheim.

Rundspørjing i området

Fredag føremiddag var politietterforskarar på staden. Klokka 14.30 hadde dei framleis ingen mistenkt i saka.

– Me har gjort ein del arbeid, men er ikkje komne i mål, seier Trond Kristiansen ved Karmøy lensmannskontor.

Ifølgje han har fredagen gått med til vitneavhøyr, rundspørjing og avhøyr av jenta som blei utsett for overfallet.

– Etterforskinga held fram måndag. Me har ingen konkret mistenkt, seier Kristiansen.