Hopp til innhold

Uvitande om gassfare

Meir enn 3600 bustadsameige og småbedrifter har nå fastmontert propananlegg i Norge. Men mange er uvitande om regelverk, vedlikehald og bruken av gassutstyret ifølgje brannvesenet.

styreformann i Kastanjehagen boligsameie, Georg Henriksen og branninspektør Arild Olsen

INSPEKSJON: Styreformann i Kastanjehagen boligsameie, Georg Henriksen og branninspektør Arild Olsen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Gassrøyrleidningar og store gasstankar forsyner stadig fleire nordmenn med gass til oppvarming og matlaging.

Ifølgje tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er det i dag fastmonterte propananlegg i over 3600 bustadsameige og småbedrifter i landet vårt. Men brannvesenet reknar med talet er høgare sidan ikkje alle sameie meldar inn til DSB.

– Ingenting på stell

I bustadblokker er det styret i sameige som har ansvaret for dokumentasjon, kontroll og vedlikehald av gassanlegget. Men langt frå alle har gode nok rutinar, seier branninspektør Olsen.

– Det finst dei som har nesten alt i orden, men andre plassar er ingenting på stell. Dette skuldast for det meste at folk er uvitande, seier branninspektør Arild Olsen, som er på kontroll i bustadsameige Kastanjehagen i Hillevåg i Stavanger.

Brannvesenet driv nå eit landsomfattande kontrollarbeid der dei har gassanlegga under lupa.

For uvissa om gassanlegg og regelverk gir grunn til bekymring.

Det er fare for lekkasjar og eksplosjonar, dersom systema ikkje får ettersyn og blir kontrollert skikkeleg, seier Olsen.

Skal lite til før eksplosjon

– Me har eksempel på hendingar der det har vore lekkasje, og gassen har gått inn i til dømes eit tavlerom. Då er det nok med kontakt i ein brytar eller ein termostat for at gassen blir tent på, og det blir eksplosjon, seier han.

I Kastanjehagen boligsameie, viser styreleiar Georg Henriksen, fram gassrøyra som stikk ut av leilegheitene i bustadblokka. Desse må på ingen måte dekkast til.

– Me har hatt tilfelle der utluftinga for peisen har stått nærmare terrassen, så har dei glasa inn terrassen, fortel Olsen.

Tilsynet i Kastanjehagen gjekk greitt og styreformannen lovar at all dokumentasjon skal på plass.

Brannvesenet håper at folk som er i tvil om sitt eige gassanlegg kontaktar dei, framføre å venta på kontroll.

– Me er like mykje til for å hjelpa folk med rettleiing, som me er for å kontrollera. Målet er at me ikkje skal ha uhell knytt til gassanlegga, som det blir stadig fleire av i Norge.