Hopp til innhold

Berre éi av ti ungdomsbøker er morosame

Norske ungdomsromanar har for lite humor, meiner folk i bokbransjen. Dei to siste åra har berre ei av ti norske tenåringsbøker brukt humor som verkemiddel.

Ungdomsbøker

HUMORTOMME? Det er berre éi av ti norske ungdomsromanar som brukar humor som verkemiddel. Desse bøkene er berre meint som ein illustrasjon, om dei er morosame eller ikkje er for underteikna uvisst.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Lesarane og formidlarane vil ha mykje humor, men det er veldig lite av det, seier komikar og forfattar Terje Torkildsen frå Stavanger.

Berre éi av ti er morosame

Berre fem av 49 nye, norske ungdomsromanar hittil i år har humor som verkemiddel. I fjor var det fire av 37, ifølge Foreningen les, altså ein humor-andel på om lag ti prosent.

Terje Torkildsen

KOMIKAR OG FORFATTAR: Terje Torkildsen.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Det er veldig viktig at det er humor i ungdomsbøker for å få ungdom til å lesa, seier komikar og forfattar Terje Torkildsen, frå Stavanger. Han saknar fleire morosame, norske ungdomsromanar.

Og Torkildsen, som med sin «Dystopia»-serie sjølv har bidratt til trenden med dystre ungdomsromanar, har nokre teoriar om kvifor humoren manglar i ungdomslitteraturen.

– Ein moglegheit er at det ikkje er så mange morosame forfattarar. Det kan også vera slik at det er vanskelegare å få humor gjennom nålauget hjå kulturrådet, rett og slett. Den siste boka mi, som har fått gode kritikkar, er den minst morosame boka eg har skrive, seier han.

– Dårleg tilfang

Også hos forlaga skulle dei gjerne ledd meir når dei får tilsendt manus.

Nicolai Houm

REDAKTØR Nicolai Houm er redaktør i Cappelen Damm sin barne- og ungdomsredaksjon.

Foto: Tone Staude / NRK

– Tilfanget er litt for lite, og me får få humoristiske ungdomsroman-manus, seier Nicolai Houm, som er redaktør i forlaget Cappelen Damm sin barne- og ungdomsredaksjon.

-– Humor som grep har ikkje same status som eit lyrisk språk, eller god metaforikk. Det må me gjera noko med. Det er veldig vanskeleg å skriva morosamt, kanskje ein har vore litt redd for å bruka humor og tenkt at det blir for lett? Kanskje ein fryktar å bli nulla (at boka ikkje blir kjøpt inn, red.anm)? Eg trur det er ein misoppfatning, eg kan gjetta at det også sit nokon i kulturrådet som ønskjer seg fleire humoristiske ungdomsbøker, seier Houm.

Morosame bøker til ungdom er på veg

Og det siste har Houm rett i. Torill Hofmo, som er leiar i Kulturrådets vurderingsutval for ny, norsk skjønnlitteratur for barn og unge, etterlyser fleire humorbøker.

Torill Hofmo

UTVALSLEIAR: Torill Hofmo er ein av dei som bestemmer kva barne- og ungdomsbøker biblioteka skal kjøpa inn.

Foto: Marie Røssland / NRK

– Det er ikkje ein større sjanse for at humoristiske bøker blir nulla. Det har vore etterlyst morosame bøker for barn og unge i mange år, seier ho.

Og mykje tydar på ungdomane har meir humor i vente frå norske forfattar framover, ifølgje Hofmo.

– I alle fall dei tre siste åra, då eg har vore i utvalet, så har talet på humoristiske bøker auka. Det me har fått dei seinare åra er meir «fandenivoldsk» humor, særleg for ungdom. Så det finst, men det er krevjande, seier Hofmo.