Hopp til innhold

Etterlyser jobbar og eit livleg sentrum

Folketalet i Eigersund auka i fjor med berre 0,7 prosent. Ungdommen i byen veit godt kva som trengst for at dei skal å bli buande i kommunen.

Gater i Egersund

Det er for stille i gatene i Egersund sentrum, meiner både ungdommen og bypatrioten. Meir liv og gode jobbar er det som skal til for å få ungdommen til å bli, meiner dei.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Vallogo
Johannes Wigand

Johannes Wigand etterlyser gode jobbmoglegheiter og meir liv i sentrum.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– For at eg skal bli buande i Eigersund i framtida, må politikarane få meir liv i sentrum og skapa gode jobbmoglegheiter, seier Johannes Wigand.

– Dei må leggja til rette for at eg skal få jobb, helst uansett kva for utdanning eg tar. Me har jo Aker, men nå når olja går så dårleg, må dei kanskje finna andre moglegheiter, seier Jorunn Tengesdal Stavnheim.

Jorunn Tengesdal Stavnheim

Jorunn Tengesdal Stavnheim vil ha moglegheit til jobb uansett kva utdanning ho tar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Begge er førstegongsveljarar, og har klare oppfordringar til politikarane som i kveld møtest til debatt på Dalane vidaregåande skule. Du kan sjå den direkte på nrk.no/rogaland og Dalane tidende sine nettsider frå kl. 19.

Vil kapre velutdanna damer

For i fjor hadde Eigersund kommune ein befolkningsvekst på berre 0.7 prosent. Den veksten var godt hjelpt av busettingar av flyktningar.

Rådmann i Eigersund, Ketil Helgevold, er slett ikkje nøgd med den utviklinga. Særleg ville han gjerne har fatt i dei velutdanna kvinnene.

 Ketil Helgevold

Rådmann Ketil Helgevold vil ha fatt i dei velutdanna kvinnene.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Ein del kjem heim, men me skulle hatt ennå fleire arbeidsplassar for akademikarar. At dei manglar, gjer at ein del av dei kvinnene som har tatt høgare utdanning ikkje kjem tilbake til Eigersund, i alle fall ikkje på kort sikt, seier han.

– Alle må ikkje starta på golvet

Geir Henning Risholm er dagleg leiar i Egersund Net As og medlem i næringsforeininga. Han trur både dei etablerte bedriftene og politikarane må bidra til fleire kompetansearbeidsplassar.

– I mange bedrifter i Eigersund har det vore slik at du startar i produksjonen, og så lærer der. Me må våga å tilsetja ein som har gått på ein masterutdanning, og så følge den medarbeidaren godt opp og gje vedkommande moglegheiter, seier han.

Han meiner og at politikarane må lage rammevilkår som gjer at gründerar og andre med høgare utdanning og gode idear, får lyst til å etablera seg i Eigersund.

– Det ligg mellom øyra

Dei unge i kommunen etterlyser også meir liv i byen.

Johan Aakre

– Politikarane må våga å dumma seg ut, meiner Johan Aakre. Ein sjøpromenade står høgt på ønskelista hans.

Foto: Øystein Ellingsen

Ein som har jobba for det er Johan Aakre. Han har starta fleire prosjekt, mellom anna tok han initiativet til julebyen. Men han trur at Eigersund framleis har eit stort uutnytta potensial.

– Det er torget og kyrkja som definerer sentrum i ein by. Men når ein ser seg rundt her, blir det blir daudare og daudare, seier han.

Han ønskjer seg sjøpromenade og eit folkebibliotek med livlege debattar, men til det trengst det politikarar som våger å handla, meiner han.

– Dette ligg mellom øyra. Ein må ha tru på at det går an å få til noko, og våga å ta fyrste skrittet. Sjølvsagt risikerer du då å dumma deg ut, men utan å starta kjem, du aldri nokon veg, seier Johan Aakre.