Hopp til innhold

Omsyn til villrein kan flytta turisthytter

Vernestyresmaktene vil ha villreinen tilbake til Frafjord og Hjelmelandsheiane. Stavanger Turistforening vurderer å flytte to av hyttene sine for at det kan skje.

Villrein Setesdal

Vernestyresmaktene vil gjerne at villreinflokkar frå fjellet i Setesdal skal trekkje sør og vestover mot Frafjord og Hjelmelandsheiane.

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK

– Me vil veldig gjerne ha nokre av dyra ut i utkantane av verneområdet. Det er for at villreinen skal ha fleire stader å gå for å finna mat, dersom snøen frys til i dei sentrale områda, seier forvaltar Tarjei Haugen.

Simle med halsbånd

Fram til 2018 skal forskarar undersøkje villreintrekk ved hjelp av radiomerking av fleire dyr.

Foto: Harald Skjerdal / Aurland Fjellstyre

Ønskjer å auke stammen

Spesielt sør for Blåsjø i Ryfylkeheiane er det lite villrein for tida. Tidlegare trekte villreinflokkar inn i både Hjelmeland og Frafjordheiane.

Frafjordheiane

Nå vil vernestyresmaktene finne ut kva som hindrar reinen i å gjere det same i dag. Derfor har dei radiomerka fleire dyr, og kan følgje trekka deira steg for steg, for å sjå kva reinen opplever som hindringar.

Spelar på lag

Sør og søraust for Blåsjø i Ryfylkeheiane ligg to av hyttene til Stavanger Turistforening. Det er ennå for tidleg å seie om turistane som går mellom hyttene hindrar at villreinen kjem lengre vest og sørover.

Per Hanasand

Styreleiar i Stavanger Turistforening, Per Hanasand, vil gjerne ha villreinen lengre sør og vestover.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Men dersom vernestyresmaktene kjem fram til at det har noko å bety, så er Stavanger turistforening viljug til å gå inn i ein diskusjon om å fjerne eller å endre plasseringa av desse hyttene, seier styreleiar i turistforeninga, Per Hanasand.

Han legg likevel til at han ikkje trur at aktiviteten til fotturistane har noko avgjerande å seie for kor villreinen går.

To hytter

Det er hyttene Storsteinen og Hovatn, som ligg sør og søraust for Blåsjø, som kan få ny plassering.

Hovatn turisthytte

Hovatn turisthytte ligg søraust for Blåsjø. Det er ei av dei minst besøkte hyttene til Stavanger Turistforening.

Foto: Per Henriksen / Stavanger Turistforening

Dette blir i tilfelle klart etter 2018, då vernestyresmaktene er ferdige med forskinga på rutene dei radiomerka villreinane brukar.

– Me må sjå om vinterløypa delvis kan gå over Blåsjø, og at me eventuelt lagar ei ny løype på vestsida av Blåsjø. Der blir det i tilfelle snakk om å setja opp ei eller to nye hytter, seier Per Hanasand, styreleiar i Stavanger Turistforening.