Hopp til innhold

Trur ikkje lenger at det blir seks politidistrikt

I oktober tilrådde Politidirektoratet seks politidistrikt i Norge. – Det endar nok opp med fleire, seier avdelingsdirektøren for beredskap og krisehandsaming i Politidirektoratet, Kaare Songstad, i dag.

I oktober tilrådde Politidirektoratet seks politidistrikt i Norge. – Det endar nok opp med fleire, seier avdelingsdirektøren for beredskap og krisehandsaming i Politidirektoratet, Kaare Songstad, i dag.

VIDEO: Avdelingsdirektøren for beredskap og krisehandsaming i Politidirektoratet, Kaare Songstad, om politidistrikta.

Samfunnstryggleikskonferansen på Universitetet i Stavanger

Samfunnstryggleikskonferansen på Universitetet i Stavanger.

Foto: Arild Eskeland / NRK
Hans Vik

Politimeister i Rogaland, Hans Vik, håper at det ikkje blir ein stor vestlandsregion, når politiet skal omorganiserast.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Det nye politinorge tar nå form mellom anna gjennom ein politianalyse, som tar opp sentrale spørsmål knytte til utviklinga i norsk politi i åra framover. Eit hovudtema i analysen blir kor mange distrikt politiet skal ha i framtida, eit tema som er mykje diskutert.

Mange har fått sagt sitt etter Politidirektoratet i oktober i fjor gjekk hardt ut og sa at dei ønska eit politi som var organisert i seks distrikt, i staden for 27, som er realiteten i dag.

– Store utfordringar

Ei av dei kritiske røystene har vore politimeister i Rogaland, Hans Vik, si. I dag var både han og fleire andre sentrale personar frå politiet samla på den årlege samfunnstryggleikskonferansen på Universitetet i Stavanger.

På spørsmål frå NRK svara avdelingsdirektøren for beredskap og krisehandsaming i Politidirektoratet, Kaare Songstad, at det truleg blir vanskeleg å få oppslutnad om forslaget deira om å berre ha seks distrikt.

– Me ser nok nå at det er utfordringar knytte til så store regionar i Norge, ikkje minst av omsyn til den beredskapen som skal leverast lokalt. Derfor tenker eg at me hamnar på eit tal som er høgare enn dette, seier Songstad til NRK.no.

Han meiner eit realistisk tal heller vil bli ein stad mellom ti og tolv politidistrikt i Norge.

Fremtidig politiorganisering

Slik såg politidirektør, Odd Reidar Humlegård, føre seg ei framtidig politiorganisering.

Foto: Politianalysen (NOU 2013:9)

– Ein må vega behovet for lokal forankring mot behovet for sentralisering. Dette må me sjå på veldig konkret frå fylke til fylke og frå fjord til fjord, seier han.

Rogaland som eitt distrikt

Songstad trur likevel at Rogaland blir samla i eitt politidistrikt. Skal det skje må Rogaland politidistrikt bli slått saman med delar av Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

– Det blir naturleg å sjå Rogaland under eitt. Kanskje over tid samanfallande med opninga av Rogfast, seier Songstad.

Han slår likevel fast at diskusjonen om å ha ein stor region vest ikkje er over.

Politimeisteren i Rogaland, Hans Vik, har i sitt høyringsbrev peika på at Rogaland bør bli samla til eit distrikt, slik Songstad også er inne på.

– Me meiner det er ein betre idé med Rogaland som eit distrikt enn at me skal vera del av eit stort vestlandsdistrikt saman med seks andre, seier han.

– Korleis skal politiet bli betre på responstid?

– Det er ved å ha så robuste operasjonssentralar at dei kan ha kjapp respons på 112, at dei kan gjera gode situasjonsvurderingar, at dei kan skaffa seg eit godt bilete av ein situasjon og planlegga kven som skal sendast ut, men samstundes må operasjonssentralen vera så liten at den lokalkunnskap som er nødvendig å ha der ikkje går tapt.