Hopp til innhold

Trur brannen er påsett

Politiet i Haugesund trur brannen i eit hus på Hauge i helga er påsett. Eit spedbarn vart lettare skadd i brannen.

Brann på Hauge

Kripos har gjort funn som tydar på at brannen på Hauge var påsett.

Foto: Jan Kåre Ness

Tre personar, eit par og eit spedbarn, klarte å kome seg ut frå det brennande huset natt til laurdag. Ifølgje politiet opplevde paret at dei var i livsfare.

Barnet deira vart lagt inn på sjukehus med lettare skadar.

Politiet i Haugesund etterforskar brannårsaka, og i går fekk det bistand frå Kripos.

– Kripos var på åstaden i går saman med lokalt politi, og gjorde tekniske undersøkingar med brannhund. Det er ingen spor som tydar på at det er tekniske årsaker til brannen, seier politifullmektig Marte Engesli.

Kripos har derimot funne spor som gjer at dei trur nokon har sett fyr på huset.

– Eg kan ikkje kome inn på detaljar, men det har blitt gjort funn som kan vera interessante, og dei vil bli undersøkt nærmare framover, seier Engesli.

Politiet har førebels ingen mistenkte i saka.

– Det viktigaste no blir å få avklart kva som faktisk har skjedd. No ventar me på svar på dei tekniske undersøkingane som er gjort, seier Engesli.

Brannen var så kraftig at det var ei tid fare for at brannen skulle spreie seg, og naboar vart evakuerte.

Politiet håpar at folk som har vore i området på det aktuelle tidspunktet, og som har sett noko, vil melde seg.

– Me er alltid interesserte i vitneobservasjonar, så me oppmodar folk om å melde seg, seier Engesli.

Brann på Hauge

Huset fekk store skadar i brannen natt til laurdag.

Foto: Jan Kåre Ness