Hopp til innhold

Fire personar henta av ambulanse etter kollisjon på Karmøy

Vegen blei sperra av etter at tre bilar kollidert på fylkesveg 47 ved Bygnes på Karmøy. Ingen personar skal vera alvorleg skadde.

Trafikkuhell på Karmøy

Ein av tre bilar som var involvert i trafikkuhellet i dag.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Politiet fekk i 09.30-tida melding om eit trafikkuhell på fylkesveg 47 ved Bygnes på Karmøy.

– Det skal vera tre bilar som har krasja. Fire personar er henta av ambulanse og skal fraktast til legevakta. Ingen skal vera alvorleg skadde, seier Rune Plassen som er operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund.

Vegen blei sperra av, men klokka 10.10 melder politiet at den er opna igjen.

Det blei meldt om lange køar etter ulukka.

– Ein av bilane kom truleg over i motsett køyrefelt og køyrd i dei to andre bilane, opplyser Plassen.