Hopp til innhold

Time- og Klepp sparebank slår seg saman

I går kveld blei forstandarskapet til Time- og Klepp sparebank samde om å slå seg saman til Jæren sparebank. – Dette er svært godt nytt, seier Reid Krohn-Pettersen frå Norsk familieøkonomi.

Tor Egil Lie

Tor Egil Lie er tidlegare banksjef i Klepp sparebank, han blir den nye sjefen i Jæren sparebank.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Klepp forstandarskap

Forstandarskapet avgjorde samanslåinga i går kveld.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

For to år sidan nådde ikkje forhandlingane mellom dei to lokale bankane på Jæren fram, men i går blei dei samde, og i dag er børsen informert. Klepp sparebank og Time sparebank slår seg saman, og blir Jæren sparebank.

Sjefen for den nye storbanken på Jæren blir tidlegare sjef i Klepp sparebank Tor Egil Lie.

– Vi er to veldig likeverdige partar. Det er ein naturleg fusjon ut ifrå at vi ligg i det same marknadsområdet. Vi ser at det er naudsynt å bli større ut ifrå styresmaktene sine krav til kapital og rapportering. Det gjer det vanskeleg å vere liten bank, og gjer det riktig og bli noko større, seier Lie til NRK.

– Kort veg til avgjerslene

Sjefen i den nye Jærbanken meiner kundane og vil få glede av samanslåinga.

– I den nye banken vil dei trekkje vekslar på heile det filialnettet som vi har. Vi vil kunna tilby betre kompetanse gjennom å byggje opp fleire kompetansesentera på dei ulike marknadsområda, seier Lie.

Kan ikkje ein liten bank ha tettare kontakt med kundane enn ei stor bank kan ha?

– Dei har uansett vorte vane med at det er kort veg til avgjerslene hos oss. Det skal vi halde oppe og i den nye banken, det er ein stor fordel med å væra lokale, meiner den nye sjefen i Jæren Sparebank.

– Lokalbanken si tid ikkje er forbi

Sjeføkonom og pressekontakt i foreininga Norsk familieøkonomi, Reid Krohn-Pettersen, meiner at dette er godt nytt.

Reid Krohn-Pettersen

Reid Krohn-Pettersen er sjeføkonom i

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– Me er glad i konkurranse, og når to lokale eller regionale bankar slår seg saman til ein større blir dei betre rusta til å ta opp konkurransen mot dei sentrale bankane, seier Krohn-Pettersen.

Han seier at Jæren sparebank blir eit prov på at dei lokale bankane si tid ikkje er forbi. Dette meiner han vidare at det er kundane som tener på. Spesielt bedriftskundane.

– Bedriftskundar, som treng store lån for å investera, må ha store solide bankar i ryggen. Då blir ofte mindre lokale bankar for små. Men når dei slår seg saman kan dei stå bak lokalt næringsliv.

Oppmodar ny banksjef til låge renter

Han meiner at privatkundar også er tente med at det finst ein bank som kjenner godt til bustadmarknaden og arbeidsmarknaden lokalt. I tillegg kjem han med ei oppmoding til den nye banksjefen.

– Klepp sparebank har vist emne til å konkurrera på bustadlånmarknaden med gode rentevilkår. Nå håper me at Lie i Jæren sparebank framleis har eit ønskje om å konkurrera i toppen av rentebarometeret i Norge, seier Reid Krohn-Pettersen.