Hopp til innhold

– Eg fekk av meg dei brennande kleda og fann vegen til dusjen

Helsepersonell trudde liv ville gå tapt, men eitt år etter eksplosjonsulukka på bedrifta Malm Orstad, er alle tilbake i arbeid. – Det er viktig å ikkje bli sitjande heime etter noko slikt, seier Rolf Langevoll, som stod midt i flammane då det smalt.

Helsepersonell trudde liv ville gå tapt, men eit år etter eksplosjonsulukka på bedrifta Malm Orstad, er alle tilbake i arbeid. – Det er viktig å ikkje bli sitjande heime etter noko slikt, seier Rolf Langevoll, som stod midt i flammane då det smalt.

►SJÅ VIDEDO: Rolf Langevoll (35) klarte å sløkka seg sjølv etter eksplosjonen på Malm Orstad for eitt år sidan. Langevoll og alle dei andre som var i ulukka er tilbake i jobb.

Klokka er 10 om morgonen, og skodda ligg tett over Klepp.

På oljeservicebedrifta Malm Orstad er dei nett ferdige med testinga av ein heilt ny type kutteutstyr. «Control cutter» skal kappa over svære ankerkjettingar på kort tid.

– Me trudde testkuttet gjekk bra, så me gjekk ut for å sjå.

35 år gamle Rolf Langevoll er ein av fem arbeidarar som har følgd høgrisikotesten på trygg avstand frå ein kontainer på utsida av testhallen.

Ute av konteineren, på veg for å inspisera, opnar dei porten til hallen og går mot kutteutstyret.

– Eg held augo mine på saga, og ser at det renn olje frå den. Kuttet gjekk nok ikkje så bra likevel, fortel Rolf.

Gjennom den opne porten kjem det også inn oksygen. Denne blandar seg med ei usynleg tåke av hydraulikkolje og nitrogengass, som har kome under kuttinga.

Ei lampe gjev gassblandinga i rommet nok varme til å ta fyr. Ein kraftig eksplosjon oppstår.

– Først ser eg nokre gneister ved knivane. Eg tenker nå ryk dei, og kastar meg ned i bakken.

– Det smell, og flammehavet breiar seg utover lokalet. Først over heile golvet der eg ligg, deretter opp langs veggane og til slutt i taket.

Lyset blir slått ut, og trass brannar rundt om i lokalet er det mørkt på grunn av alt sotet.

– Eg oppdagar at gensaren min står i flammar, og merkar at det svir på ryggen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Du handlar på instinkt

Smellet frå Malm Orstad er så kraftig at nabo Celie Sirevaag kjenner det ristar i heile huset. Ho tar eit bilete av testhallen som står i full fyr med mobilen sin.

Snart er eksplosjonen toppsak i dei fleste nettavisene rundt om i landet, med bilete av flammehavet og den svarte røyken, som strekk seg høgt opp i den tåkelagde himmelen, på førstesida. Bilete av den eine porten på testhallen, som har vrengt seg ut, seier noko om kor store krefter som har vore i sving.

Dei andre som er på bedrifta forstår med ein gong etter smellet at noko fryktelig gale har skjedd. Like utanfor hallen er Haakon Wiik og Eirik Hodnefjell. Dei er allereie i gang med bergingsarbeidet.

– Folk i flammar kjem springande ut av hallen. Det nyttar ikkje å sløkka dei med berre hendene, så eg spring inn i hallen for å finna sløkkeutstyr, fortel Eirik.

Haakon blir att med kollegaene sine som framleis brenn. Han prøver å rulla dei rundt og får sjølv ein brannskade i handa si. Tilfeldigvis kjem ein besøkande på bedrifta til med bilen sin. Her har han brannsløkkingsapparat, og saman får dei sløkt dei som framleis brenn.

– Alt eg tenker er at dei må sløkkast og kjølast ned. Du handlar berre på instinkt.

Eirik kjem tilbake. Han oppdager at det berre er fire som er ute av bygget. Rolf manglar.

– Eg går inn i hallen saman med ein kollega. Det er så mykje røyk at me må krypa for å sjå noko som helst. Då me ikkje ser spor av Rolf, kjem eg meg ut, tar opp telefonen og ringer 113. Frå nå av er det eg som held kontakten med AMK.

Haakon Wiik og Eirik Hodnefjell

TILBAKE I HALLEN: Haakon Wiik (t.v.) og Eirik Hodnefjell (t.h.) var dei første som kom til ulukka på Malm Orstad. Dei såg sine eingne kollegaer stå i full fyr.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det var godt å kjøla seg ned

Alle dei fire som er ute har store brannskadar, ein har også slått hovudet kraftig då han gjekk i bakken.

Industrivernet ved Malm Orstad, og ei tilfeldig forbipasserande sjukepleiar, med namn Sigrun G Mellemstrand, startar behandling. Dette skjer medan Rolf framleis er inne i den brennande hallen.

– Gensaren min brenn og eg tenker at dette ikkje vil gje seg med det første. Eg får vrengt den av meg medan eg spring lenger inn i lokalet.

Rolf er lommekjend og har sett kursen mot ein gamal garderobe. Vegen finn han i mørke.

– Eg kaster av meg resten av kleda på overkroppen, medan eg spring. Sjølv om eg også er brend på armane er det berre på ryggen eg kjenner smerte.

Framme ved garderoben er det lys.

– Først går eg til vasken og prøver å kasta vatn bak på ryggen. Eg ser at armane mine ikkje ser ut heilt som dei skal. Eg kjem på at det står ein dusj lenger inne i garderoben, og finn vegen til denne.

– Det var godt å kjøla seg ned.

Han har berga seg sjølv, men nå går tankene til dei andre.

– Eg finn vegen til vindauget i den gamle kantina, her får eg kontakt med dei som er utanfor. Eg ser det er andre som er meir skadde enn meg.

Etterkvart kjem ambulansebilar til, og Rolf kjem seg ut vindauge og inn i ein ambulanse.

Trudde nokon skulle døy

Dette året (2011) døydde det 52 personar på jobb i Norge. Børge Hognestad leia helsearbeidet som blei gjort etter ambulansepersonellet kom til Malm Orstad, han trudde dødsstatistikken skulle bli styggare.

– Eg var rimeleg sikker på at det skulle bli dødsfall ut av denne ulukka, seier han.

Han fortel om ein dag på jobben som gjorde sterkt inntrykk.

– Dei fleste som har jobba i utrykkingsetaten har sett det meste frå livets start til slutt, men dette var spesielt. Det var eit massivt inntrykk eg aldri vil gløyma.

Det kom framleis kom røyk frå dei skadde, som låg utanfor. Ambulansearbeidaren får ikkje fullrost arbeidet som var gjort før dei kom.

– Dei har gjort alt etter boka. Behandling i form av sløkking, nedkjøling og stabilt sideleie var i gang. Dei hadde lagt eit svært godt grunnlag å jobba vidare på, fortel han.

Han visste, då dei tok over, at dei ikkje kunne rekna med hjelp frå lufta, sidan skodda var for tjukk.

Etter behandling på staden fekk dei med seg alle i ambulansebilar.

Tre blei frakta lenger nord der eit helikopter kunne ta imot dei, og fly dei vidare til brannskadeavdelinga på Haukeland i Bergen.

Rolf, saman med ein til, blei frakta til Stavanger universitetssjukehus.

Børge Hognestad koordinerte helsepersonellet på Malm Orstad etter eksplosjonen. Synet som møtte han har gjort inntrykk.

►SJÅ VIDEDO: Børge Hognestad koordinerte ambulansepersonellet i etterkant av ulukka på Malm Orstad i fjor.

– Kjenner meg mindre sjuk i jobb

Kvar og ein har kjempa sin kamp. Og i dag, eitt år seinare, er dei alle tilbake. Ikkje berre tilbake frå sjukehusopphaldet. Dei er tilbake i arbeid.

– Det er eigentleg fantastisk at dei er tilbake i jobb, seier Hognestad.

I tillegg til pågangsmotet til dei som var i ulukka, meiner han at ei redningskjede som har fungert optimalt er viktig for at utfallet har blitt som det har blitt.

– Alle drog i same retning; Malm Orstad og industrivernet, Klepp kommune, brannvesen, politiet, ambulansen, Stavanger universitetssjukeus, Haukeland sjukehus og familiane til dei involverte. Alle har vore viktige brikker.

To av dei mest brannskada, Petter Birkeland og Tjerand Tveit, er dei einaste som ikkje er tilbake hundre prosent. Dei er likevel på god veg.

– Dette hadde vore ei ganske anna historie om eg ikkje hadde eit arbeid å gå tilbake til. Kva skulle eg då gjort? spør Birkeland seg.

Magne Orstad

Magne Orstad er dagleg leiar på Malm Orstad. Han meiner det er godt at alle som var involverte i ulukka er tilbake i jobb.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Han har vore gjennom koma og mange kompliserte operasjonar for å koma seg tilbake. Kollegaen hans i Control Cutter, Tveit, går nå i ei 20 prosent stilling.

– Det er prioritet nummer ein å koma tilbake til jobb. Årsaka er at eg vil normalisera kvardagen. Eg kjenner meg mindre sjuk om eg kan gå på jobb å vera ein viktig bidragsytar, seier han.

Eit kulturelt fenomen

Ein som har latt seg imponera over historia på Malm Orstad er fylkesdirektør i NAV, Truls Nordahl.

– Dei som var i denne ulukka har synt ei flott haldning. Det handlar vel mykje om at dei har bestemt seg for å koma tilbake, så har dei også klart å koma tilbake på så kort tid.

Nordahl har nok ein gong fått termintal som syner at rogalendingar er av dei i landet som er minst vekke frå jobb. Han trur at historia frå Malm Orstad er spesiell for regionen her, og nærmast eit kulturelt fenomen.

Å kjempa seg tilbake til arbeid på så kort tid, trur han er noko som ligg i ånda på Jæren og i Rogaland.

– Det er færre som går på sjukemelding her og arbeidsløysa er mindre enn elles i landet. Dessutan er talet på dei som går uføretrygda også relativt liten. Det handlar ikkje berre om at me er friskare her, eg trur også det handlar om at me har ein kultur der det er svært viktig å koma tilbake. Me ser ofte at folk vil tilbake om dei får ein skade, seier regionsdirektøren i NAV.

I fabrikklokala til Malm Orstad er Eirik og Haakon svært nøgde med at alle er tilbake i jobb att. Dei meiner at det for deira del også er viktig å få tilbake gode kollegaer.

– Det er ein motivasjonsfaktor for oss som var involverte å sjå at dei som blei skadde er tilbake i jobb. Me ser på ein måte at livet går vidare, seier Eirik.

– Var litt skeptisk då me skulle trykktesta

Rolf kom unna eksplosjonen med mindre skader. Mest brend er han på ryggen, men på begge armane har han tydelege teikn frå brannen.

Han blei operert på sjukehuset i Stavanger, og kunne byrja i jobb på Malm Orstad 2. januar, seinare har han bytta jobb til ei tilsvarande bedrift på Bryne.

Å koma tilbake i jobb var likevel ikkje heilt utan barrierar.

– Eg var litt skeptisk då me skulle trykktesta ting igjen, men det har gått seg til etterkvart.

Sjølv om han måtte gå sjukemeld ei stund etter ulukka, var han innom på jobb fleire gonger.

– Det er viktig å ikkje bli sitjande heime etter noko slikt, det er betre å koma tilbake til det vanlege.

Framleis kjem likevel det som skjedde for eit år sidan tilbake i tankane hans. Nokre av arra på kroppen hans vil han også ha resten av livet, noko som gjer at det vil vera vanskeleg å få hendinga heilt vekk frå tankane.

– Eg tenker på det mindre og mindre, men vil nok aldri gløyma det heilt, seier Langevoll til slutt. I morgon ventar ein ny dag på jobb for jærbuen.