Hopp til innhold

Sendte ut over 40000 meldingar

Testa krisevarsling under Gladmaten - gjekk ikkje heilt etter planen.

Testet krisevarsling på sms

Mange tusen fekk denne meldinga på mobilen sin.

Til saman 42221 mobilar skulle ha fått meldinga frå Stavanger kommune torsdag ettermiddag. Meldinga var ein test av eit nytt krisevarslingssystem som kommunen vurderer å ta i bruk.

Ikkje nøgd med resultatet

– Me fekk levert 27871 meldingar. Det representerer rundt 66 prosent av alle mobilane i området, og er i underkant av det me hadde forventa. Me hadde forventa 93-94 prosent, seier beredskapsrådgjevar Hugo Kind i Stavanger kommune.

Kommunen har nå bedt om å få ein rapport frå leverandøren i samarbeid med teleoperatørane.

Skal prøvast ut fleire gonger

– Me vil evaluera det heile når me får rapporten, og kjem til å testa systemet ein eller to gonger til i samband med Blinkfestivalen, seier Kind.

Dette er statistikken kommunen publiserte i etterkant av testen:

Det var 88 nasjonaliteter (basert på sim-kort) i testområdet.
35798 norske mobiler og 6423 utenlandske mobiler. Totalt 42 221.

Etter 1 min var ca 12000 meldinger levert (29%)
Etter 3 min var ca 22000 levert (52%)
Etter 5 min var ca 23300 levert (55%)
Etter 10 min var ca 25000 levert (59%)
Totalt ble det levert: 27871 (66%) meldinger.