Hopp til innhold

Han har brukt 100.000 på Facebook-reklame

Trond Erik Nygaard bruker mykje tid og pengar på å reklamera for butikken sin på Facebook. Men det finst òg butikkar som bevisst held seg vekke frå sosiale medium.

Facebookreklame

Trond Erik Nygaard har brukt 100.000 kroner på Facebook-reklame for butikken sin. Han trur bedrifter som ikkje er på sosiale medium fell litt frå det gode selskap.

Foto: Thomas Halleland

Nygaard driv baderomsbutikken Nygaard Bad i Haugesund, og har svidd av 100.000 kroner på å reklamera på Facebook.

– Dette er ein av dei beste måtane å marknadsføra seg på. Ikkje minst er det ein rimeleg måte å nå ut til folk på, seier han.

Han påpeikar at han spesielt når ut til unge mellom 18 og 30 år på Facebook.

– Det kostar litt å legga ut ting på nettet, men eg trur det er verdt det.

Les også: – Nå kommer «tv-reklame» på Facebook

– Må ha noko å fortelja

Linn Sofrie Hagen Olsen og Elin Tollevik Garvik

Linn Sofie Hagen Olsen og Elin Tollevik Garvik i DHR Reklamebyrå.

Foto: Thomas Halleland

DHR Reklamebyrå i Haugesund påpeikar at bedrifter på Facebook må vita kva dei vil med å vera der.

– Det er ikkje berre å vera på Facebook. Du må ha noko å fortelja, seier Elin Garvik i reklamebyrået.

Ho registrerer likevel trenden med at stadig fleire bedrifter gjer seg synlege på sosiale medium.

– Her får dei ut bodskapen sin, i tillegg til å få respons frå kundane sine.

Les også: Forbrukerombudet lei av Facebook-reklame

Held seg vekke frå Facebook-reklame

Eva Grimstad

Eva Grimstad.

Foto: Thomas Halleland

Men ikkje alle kastar seg ut på nettrenden. Eva Grimstad er dagleg leiar hos Interiør- og sengetøybutikken Olga i Haraldsgata i Haugesund.

Ho har bevisst tatt valet om å ikkje ha Facebook-sider for butikken sin.

– Ei slik nettside må følgjast opp, og du må svara på mange spørsmål frå kundane. Då krevst det at ein sjølv er aktiv.

Trond Erik Nygaard har uansett ikkje planar om å kutta ut Facebook-satsinga.

– Eg trur dei som ikkje er på nett, og som held seg til aviser og den slags, fell litt frå.