Hopp til innhold

Kommunestyret trassa demonstrantane - sa ja til felles legevakt

Kommunestyret i Suldal sa i går kveld ja til å inngå i ei felles legevakt med Sauda, Vindafjord og Etne. Dermed måtte over 500 demonstrantar gå skuffa heim.

Protestar mot samla legevakt

FOLKEHAV: Mellom 500 og 600 personar møtte opp før kommunestyremøtet for å seia si meining om å leggja ned legevakta på Sand.

Foto: Tone Fisketjøn

Saman med kommunane Sauda, Vindafjord og Etne, har Suldal i eitt års tid sett på moglegheitene for ei felles legevakt. Det betyr då å leggja ned legekontoret på Sand.

I dag gjorde kommunestyret i Suldal sitt standpunkt klart: med ti mot åtte stemmer vart det bestemt at dei går for ei felles legevaktordning.

Den samla legevakta vil truleg bli lagt til Ølen, noko det vil gje ei reisetid på to timar for folk på Bråtveit.

– Skal sjå på ulike tiltak

Torkel Myklebust

ORDFØRAR I SULDAL: Torkel Myklebust (Sp)

Foto: Thomas Halleland / NRK

For å gjera nyordninga betre for folk i Suldal, vil kommunestyret ha ulike tiltak som til dømes lengre opningstid på legekontoret på Sand, seier ordførar Torkel Myklebust.

– Det kan også vera at me vil ha legevakt i kommunen til eit tidspunkt utpå kvelden, og det kan henda me vil ha ei bakvaktsordning. Det som er klart er at fleirtalet ønskjer slike tiltak, men me har ikkje vore konkrete førebels på kor omfattande dei skal vera.

– No skal dette opp i dei andre kommunane også, korleis trur du det går der?

– Det vågar eg ikkje spå. Det er ei vanskeleg sak i dei andre kommunane også, og eg har oppfatta at det er utfordringar i Vindafjord og Etne, så eg er spent på kva resultatet blir.

(Saka held fram under biletet)

Aksjonerte for legevakta si
Foto: Tone Fisketjøn

Stort engasjement

Mellom 500 og 600 personar var møtt fram for å protestera mot samanslåinga, men aksjonsleiar Per Arne Fisketjøn måtte berre konstatera at det ikkje hjelpte.

– Eg er veldig skuffa. Det var veldig masse folk i alle aldrar, mykje ungdom blant anna, og det er eit veldig sterkt signal syns eg. Men kommunestyret valde å sjå over det, dog med at dei vil koma med avbøtande tiltak, og då er me spente å sjå kva tiltak det blir, seier Fisketjøn.

– Er kampen tapt no, eller har de ikkje gitt opp?

– Det har me sagt tidlegare også: Dersom Suldal gjere slik dei gjorde no i kveld, so får me setja vår lit til Sauda, og det gjer me no, seier han.