Hopp til innhold

Ras med steinar store som bussar sperrar vegen i Sirdal

Eit stort steinras har fått over fylkesveg 975 ved Ortevatnet i Sirdal kommune i Vest-Agder. Politiet har no avslutta søket, men vegen blir ikkje opna på ei stund.

Operasjonsleiar Kjetil Føyen i Rogaland politidistrikt opplyser til NRK at dei har fått melding om at nokre av steinane i raset er store som bussar. Vegen er stengd i begge retningar.

Politiet rykte ut saman med brannvesenet og ambulansar. Også eit heilikopter har delteke i søket. Brannvesenet kom først til staden, og dei monterte opp lysutstyr.

Seinare har mannskap gått gjennom raset, og det er ikkje noko som tyder på at nokon er teken av steinmassane.

Området der raset gjekk ligg nær grensa mellom Vest-Agder og Rogaland. Ansvarleg politidistrikt er Rogaland.

Ras ved Ortevatnet i Sirdal