Hopp til innhold

– Veldig store sjansar for ein nasjonal sykkelvelodrom

Går alt etter planen kan bygginga av ein nasjonal sykkelvelodrom ta til neste år. Det betyr at VM i sykkel innandørs snart kan bli arrangert i Sola og Norge.

Soma Arena

Tidlegare var det planar om å bygga ein nasjonal sykkelvelodrom på Soma i Sola. Nå er tomta flytta til sentralidrettsanlegget i Sola. Målet er byggestart i 2015.

Foto: Soma Arena

I dag finst det berre ein sykkelvelodrom i Skandinavia, og den ligg i København.

Snart kan den andre banehallen for sykkel bli bygd i Norge, rettare sagt på sentralidrettsanlegget i Sola i Rogaland.

– Dette vil bety enormt mykje for sykkelsporten i Norge. Alle greiner innan sykkel og andre idrettar vil ha stor glede av å trena innandørs på ein velodrom vinterstid, seier leiar i Sola Cykleklubb, Tor Helge Skretting.

Sola Cykleklubb er initiativtakar til nasjonalanlegget og Skretting er leiar for arbeidsgruppa.

Prislapp: 175–200 millionar

Tor Helge Skretting

Tor Helge Skretting, Sola Cykleklubb.

Foto: NRK

Målet har heile tida vore å få til eit interkommunalt samarbeid for å stå sterkare i kampen om anlegget til ein prislapp på mellom 175–200 millionar kroner.

I går sa formannskapet i Sandnes ja til innandørsanlegget. Frå før har Sola forplikta seg til planane og i morgon er det venta at også formannskapet i Stavanger gir grønt lys til velodromen.

Med det står berre Randaberg att før det kommunale samarbeidet er komplett.

– Nå er sjansane veldig store for å få realisert prosjektet. Står alle fire kommunane bak dette, ligg me svært godt an. Det er ingen andre i landet som har liknande planar, seier Skretting.

– Nasjonal status avgjerande

Skretting er klar på at status som nasjonalanlegg er avgjerande. For dersom anlegget får nasjonalstatus kan staten bidra med opp mot 50 prosent av kostnadene.

– Det ligg store pengar i få eit nasjonalt anlegg, så det er veldig avgjerande for prosjektet.

– Dette vil i så fall bli det fjerde regionale idrettsanlegget i området. Er det behov for alle anlegga?

– Ja, dei ulike prosjekta betyr mykje for dei ulike idrettsgreinene. Ein velodrom har store moglegheiter for fleirbruk. Det blir eit indre areal som svarar til fire handballbanar, som kan brukast samtidig som sykkelbana, seier Skretting.

Målet er ein hall med tribunekapasitet på 2000. Anlegget vil då vera godkjent for internasjonale konkurransar opp til VM.

Sjå tv-reportasjen NRK Rogaland laga om sykkevelodromen i oktober 2011:

Eit gigantisk innandørs sykkelanlegg blir planlagt på Soma i Sola.