Hopp til innhold

Storaksjon mot prostitusjonsmiljøet

Politiet gjekk i natt til storaksjon mot prostitusjonsmiljøet i Stavanger. 15 personar blei arresterte under utlendingskontrollen og sit nå i arresten.

Prostitusjon Stavanger

15 personar er tatt av politiet i ein storaksjon mot prostitusjonsmiljøet i Stavanger. Biletet er frå 2011 og viser prostituerte i Stavanger sentrum.

Foto: NRK

– Det var ein planlagt utlendingskontroll opp mot prostitusjonsmiljøet der politiet på førehand hadde gjort ein del etterretning, fortel politiinspektør Leif Ole Topnes.

15 personar, dei fleste nigerianarar med opphaldsløyve i Italia, blei tatt i aksjonen.

– Dei er tatt for brot på utlendingslova. Det inneber at dei har brote utlendingslova grovt etter vår vurdering med opphald i Norge, seier Topnes.

På bordet til UDI

Leif Ole Topnes

Politiinspektør Leif Ole Topnes.

Foto: Politi.no

Politiet har nå oppretta utvisingssaker, og UDI får nå sakene på bordet før det blir fatta endelege vedtak. Dermed går turen truleg snart tilbake til Italia for dei fleste av dei 15.

– Kor blei dei tatt?

– Eg har ikkje detaljert informasjon om det, men går ut frå at det var på dei stadane kor prostituerte held seg i Stavanger sentrum, seier Topnes.

Omfattande aksjon

Han karakteriserer aksjonen natt til fredag som omfattande, og seier den har vore planlagt i lang tid.

– Dette blir gjort i det førebyggande arbeidet vårt. Dersom desse blir utviste, vil dei vera viste vekk frå Norge og heile Schengen. Unntaket er Italia, dersom dei har lovleg opphald der, opplyser Topnes.

Dei 15 sit nå i arresten på Stavanger politistasjon og ventar på sin vidare skjebne.