At BP skal kutte så mange som 4.000 stillingar på verdsbasis blei kjent i januar. I Noreg forsvinn kvar femte stilling når ein legg saman 210 innleigde og 166 som måtte gå i fjor.
BP-tilsette får no beskjed om at dei får ein solid bonus for fjoråret, skriv Stavanger Aftenblad. Ifølge avisa kan bonusen utgjere opp mot 14 prosent av lønna og bli på rundt 80.000 kroner for nokon.
– Det er konsernleiinga i London som før starten på året bestemmer kva som skal bestemme storleiken på bonusutbetalingane, fortel kommunikasjonsdirektør Olav Fjellså i BP Norge.
– Vi er veldig nøgd med resultata for fjoråret. Bonusen setjast uavhengig om oljeprisen er høg eller låg, men om vi har nådd visse måltal for eksempel på tryggingssida, seier Fjellså.
– Det er veldig godt å sjå at oljeselskapa framleis har pengar. Og vi får ikkje noko betre bevis for at utfordringane i bransjen ikkje har noko med lønn eller arbeidstid å gjere. Her får BP-tilsette bonus utan at dei har bede om det, seier forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi.