Hopp til innhold

Fekk hjarteinfarkt i fjor – syklar igjen i år

I morgon går startskotet for 12.500 deltakarar i Nordsjørittet. I fjor enda rittet i ei grøft på Varhaug for Lars Os. I år vil han nå mål i Sandnes.

Lars Os

DATT OM: Lars Os vart dårleg og datt om i grøfta på Varhaug under Nordsjørittet i fjor.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Lars Os

PÅ SYKKELEN IGJEN: Lars Os fekk hjarteproblem under Nordsjørittet i fjor, i morgon står han på startstreken att.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det var ved enden av steingjerdet her. Viss eg hugsar riktig då, eg var jo ganske omtåka, fortel Lars Os.

Han er tilbake på staden der Nordsjørittet enda for han i fjor. Han kom ikkje lenger enn til Varhaug.

– Eg trudde først at eg berre var dehydrert, og eg gjekk av sykkelen og tok meg litt å drikke. Men så vart eg berre dårlegare. Og eg hugsar at eg la meg ned i stabilt sideleie, seier Os.

Han veit ikkje om han svima av eller om han sovna, men då han kom til seg sjølv igjen, stod ein gjeng med medsyklistar rundt han. Dei kontakta ambulansen.

Det viste seg at Os ikkje berre var dehydrert, det var hjarta som sa stopp.

Lars Os vart råka av hjarteinfarkt under Nordsjørittet i fjor. I år syklar han igjen.

PRØVER IGJEN: Lars Os føler at forma er fin, og håpar at han klarer fullføre Nordsjørittet i år.

Forskar på hjartet til Nordsjøryttarane

Nordsjørittet har blitt ein konkurranse for alle typar syklistar, frå proffe til amatørar. Rittet går frå Egersund til Sandnes og distansen er på heile 91 kilometer.

I år skal forskarar finne ut kva eit slikt hardt ritt gjer med helsa til kvardagsmosjonistar.

– 40-50-åringar som byrjar å trene igjen i vaksen alder utgjer hovudtyngda av dei som deltek i Nordsjørittet. Er det sunt? Det veit me ikkje, og det skal me no finne ut av, fortel Tor Melberg, overlege og forskar ved SUS.

Tor Melberg

FORSKAR: Tor Melberg skal forske på helsa til Nordsjøryttarane.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

1090 av deltakarane har meldt seg på forskingsprosjektet, det gjer det til verdas største i sitt slag.

– Me skal ta om lag 3000 blodprøvar. Me skal gjera om lag 100 000 analysar, me har eit omfattande apparat med spørjeskjema, me vil få om lag ein halv million enkeltsvar på 1090 personar. Så det vil vera tidenes største helseundersøking på mosjonistar, seier Melberg.

Gjennom undersøkingane håpar dei at dei kan avdekke skjult hjartesjukdom hos ryttarane.

Nordsjørittet

12.500 DELTAKARAR: Nordsjørittet er Norges nest største sykkelritt.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Tryggaste staden

I løpet av Nordsjørittet si historie har det vore fleire tilfelle der deltakarar har fått hjarteproblem under eller etter rittet.

– Ikkje ofte. Men me har hatt og me veit om deltakarar som har reist til sjukehuset etter rittet, fordi dei vart dårlege, seier Rolf Bergseth, medisinsk ansvarleg.

Men både Bergseth og Melberg meiner at det er ein av dei tryggaste plassane å vera, om noko slikt skulle skje.

– Viss det er ein stad du trygt kan ta det heilt ut, så er det i Nordsjørittet. Det er helsepersonell langs heile løypa som kan fange opp dei få som eventuelt har ein hjartesjukdom, seier Melberg.

Viktig å ta vare på kvarandre

I tillegg til helsepersonell i løypa, håpar Bergseth at deltakarane sjølv følgjer med på sine medsyklistar.

– På baksida av startnummeret står sykkelvettreglane. Første bod er å stoppe og ta vare på medsyklistar om dei ser at noko er gale. Og vidare står det at dei skal ringe 113, seier han.

Beredskapssjef Rolf Bergseth

TRYGT: Det er eit stort helseapparat i sving under Nordsjørittet, fortel Rolf Bergseth.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Medisinsk ansvarleg understrekar at det viktigaste er at medsyklistar stoppar, om dei ser at nokon slit.

– Me veit jo det at dess fortare ein kjem i gong med livredning, dess større er sjansen for å lukkast, seier Bergseth.

Stiller opp igjen

Lars Os var veltrent og i god form i forkant av rittet i fjor. At han skulle bli råka av hjarteproblem, kom difor heilt uventa.

Observante medsyklistar såg at Os var dårleg, og stoppa opp for å hjelpe han. Det redda truleg livet hans.

– Eg fann aldri ut kven dei var, men eg vil gjerne få takke dei for det dei gjorde. At dei brydde seg der og då, det sett eg sjølvsagt svært stor pris på. I mitt tilfelle vart det heilt avgjerande, seier Os.

Når startskotet for årets Nordsjøritt går i morgon kl. 07:30, er Os ein av dei 12.500 deltakarane som står på startstreken. Det blir fjerde gong han deltek.

I år har han blitt sjekka av lege i forkant av rittet.

– Eg føler meg i fin form, og eg håpar at eg greier å fullføre. Men 91 kilometer er jo ingen kort distanse, seier Os.