Hopp til innhold

Stenger denne vegen kan arbeidsplasser gå tapt

Vegvesenet sine planar om å stenge fylkesveg 45 ved Dirdal kai neste sommar, kan vera katastrofalt for den største arbeidsgjevaren i indre Gjesdal.

Fylkesveg 45 skal stengast ved Dirdal kai, sommaren 2016

Like overfor Dirdal kai skal Fylkesveg 45 stengast sommaren 2016.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Det er 210 tilsette på dør- og vinduprodusenten Gilje Tre i Dirdal. Fabrikken ligg om lag tre mil frå Ålgård og er avhengig av fylkesveg 45 for å få varene sine ut. Det aller meste av transporten går føre seg i semitrailerar.

– Dersom vegen stenger neste sommar er det ein katastrofe for oss, seier dagleg leiar Karles Gilje ved Gilje Tre.

Han har nettopp fått vite at Statens vegvesen planlegg å stenge fylkesveg 45 ved Dirdal kai neste sommar, for å kunne utbetre vegen i eit smalt og rasfarleg område.

– Det går ut over kundane våre, leveringstider og økonomien vår. Sommaren er den tida på året me køyrer ut mest varer. Då er det høgsesong, seier Gilje.

Gilje Tre, vindu-og dørfabrikk i Gjesdal

Gilje Tre har 210 tilsette totalt. Fabrikken står på Gilja i Gjesdal.

Foto: Mari Friestad / NRK

Smal omkøyringsveg

Det finst ein annan veg for tungtrafikken frå fabrikken. Ved å køyre om Byrkjedal og Gloppedalsura, kjem semitrailerane ut på E39 ved Vikeså i Bjerkreim. Men spesielt gjennom Gloppedalsura er vegen smal og svingete.

Dagleg leiar i Gilje Tre, Karlse Gilje

Karles Gilje er dagleg leiar for Gilje Tre.

Foto: Mari Friestad / NRK

I dag klarer sjåførane dei lange rutene til Bergen og Haugesund på ein dag. Men blir fylkesveg 45 stengt så tar turen nordover på Vestlandet lengre tid.

– Då må sjåførane overnatta og det blir ei så dyr løysing at me ikkje ser at me kan leva med det, seier Gilje.

Stopp planane

Nå har bedriftene, og andre i næringslivet i indre Gjesdal, gått saman for å be fylkespolitikarane om å stoppe planane om å stenge vegen ved Dirdal kai.

– Det er klart det hadde vore greitt å få fiksa området ved Dirdal kai, men dersom det ikkje går utan å stenge vegen, så vil me heller ha den slik den er i dag, seier Gilje.

Fylkesveg 45 skal stengast ved Dirdal kai, sommaren 2016

Området på fylkesveg 45 som skal utbetrast.

Foto: Mari Friestad / NRK

Må rekne med ulemper

Leiar i Samferdsleutvalet i fylket, Ellen Solheim frå KrF, forstår at vegstenginga betyr eit problem for vindusfabrikken. Ho har tatt det opp med Statens vegvesen.

– Dei skal nå sjå på om det er råd å ha manuell dirigering på fylkesvegen, i staden for å stenge heilt. Det blir nok forseinkingar, men då blir det ikkje snakk om ei permanent stenging, seier ho.