Hopp til innhold

Kristoff er ustoppeleg

Alexander Kristoff vant 6. og siste etappe av sykkelrittet Oman rundt

Alexander Kristoff på sigerspallen i Oman

Alexander Kristoff har to gonger stått på toppen av sigerspallen i sykkelrittet Oman rundt.

Foto: ERIC FEFERBERG / NTB scanpix

Det blei Stavangersyklisten Kristoff sin femte siger i 2016, noko som betyr at han har klart å forbetre sesongstarten frå i fjor.

Då vann Katjusja-ryttaren tre etappar i Qatar og ein i Oman, noko som blei starten på eit rekordår for Kristoff.

Kristoff slår Cavendish på målstreken igjen

Kristoff slår Cavendish på målstreken igjen. Dette bildet er frå Tour de Qatar, vinteren 2016.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Nordmenn på toppen

Kristoff vann også den tredje etappen i etapperittet tidegare i veka.

Dei norske syklistane har imponert i Oman. Edvald Boasson Hagen vann andre og femte etappe i rittet. Dermed blei fire av seks etappar vunne av nordmennene.

Nådde ikkje opp samanlagt

Det var derimot italienske Vincenzo Nibali som stakk av med samanlagtsigeren etter at verken Hagen eller Kristoff klarte å halda følgje på den tøffaste fjelletappen, tidlegare i veka.

Kan bli ein spennande vår

Den norske sesongstarten lovar bra framføre klassikarane i mars og april. I Tour of Qatar vann Kristoff tre etappar, medan Boasson Hagen gjekk i mål som vinnar av ein etappe.

På søndagens etappe ble Zico Waeytens nummer to, mens danske Søren Kragh Andersen tok tredjeplassen

(NTB)