og NTB
Mannen fall mellom 100 og 150 meter då snøskavlen han stod på løsna. Dei tre andre personane i følget, som også var frå Rogaland, fekk varsla om ulykka.
Det vart sett i gang ein stor redningsaksjon, med lavinehundar, helikopter og mannskap frå Røde Kors.
Ved 19.30-tida vart mannen henta ut med ambulansehelikopter og frakta til sjukehuset i Ålesund. Då var han allereie død.
Det er svært bratt og ulendt terreng i området og dei tre andre personane i følget vart i fleire timar ståande fast i fjellet.
Det høgaste punktet i Regndalstindane er på 1.540 meter. Staden der mannen vart funnen, ligg på 1.400 meters høgde.