Hopp til innhold

Oilers på veg mot serietittelen

Det var såvidt at båten bar. Men Oilers heldt unna og fekk med seg tre poeng i kampen mot Lillehammer.

Tilløp til slosskamp etter at Oilers tar leiinga 2-1 mot Lillehammer

Tilløp til slosskamp etter at Oilers tar leiinga 2-1 mot Lillehammer.

Foto: Erik Waage / NRK

Det var den suverene serieleiaren, som på heimebane møtte nummer to frå botn på tabellen, laurdag ettermiddag. Det skulle ha vore einvegskøyring mot Lillehammer-målet, men det blei aldri slik.

Begynte bra

Det tok ikkje meir enn fire minutt før Oilers gjekk opp i 1-0. Petter Røste Fossen sette inn det målet.

Men få minutt seinare utlikna Lillehammer ved Joakim A. Eidsæther.

Mike Hoeffel frå Oilers i kamp med Lillehammer sin målvakt

Mike Hoeffel frå Oilers i kamp med Lillehammer sin målvakt.

Foto: Erik Waage / NRK

Ut i andre periode sørga Mathias Trettenes for 2-1 til Oilers, og deretter klarte heimelaget å halda buret reint.

Likevel hadde Lillehammer mange sjansar og skot på mål, så det var langt frå at Oilers kunne spasera inn til ein ny siger.

Stavanger Oilers mot Lillehammer i DNB Arena

Stavanger Oilers mot Lillehammer i DNB Arena.

Foto: Erik Waage / NRK

Styrer mot seriesiger

Fem serierundar før slutt har Oilers 90 poeng. Etter kampen i dag ligg dei sju poeng framføre Lørenskog og 13 poeng føre Sparta Sarpsborg.

Med tapet i dag er Lillehammer på ein uforandra niande og nest sisteplass. Dei har 55 poeng opp til Stavanger Oilers på toppen.