Hopp til innhold

Håpar å ha ny aktivitet på stålverket om nokre veker

Stålverket på Jørpeland er redda, og den nye eigaren håpar på ny aktivitet i løpet av eit par veker. Men om alle får tilbake jobber er usikkert.

Stålverket på Jørpeland er reddet. Boet akspeterte i dag budet fra investor Hogne Fjellanger som driver videre

DEN NYE EIGAREN: Hogne Fjellanger er mannen som reddar stålverket på Jørpeland.

– Det er ikkje berre å gå rett inn dørene og fyra opp omnane, men om eit par veker håpar eg at me er i gang med smeltinga, seier Hogne Fjellanger, som er den nye eigaren av stålverket på Jørpeland.

Buet har i ettermiddag akseptert bodet frå investor Hogne Fjellanger på Tau. Dermed blir det framleis industri på stålverket.

– Me har jobba for dette lenge. Eg håpar at me no skal få litt liv der att, seier Fjellanger.

Det er over tre veker sidan Scana Steel Stavanger på Jørpeland vart slått konkurs og 115 tilsette mista jobben . Om alle desse får tilbake jobben er for tidleg å seia, fortel Fjellanger.

– Me tek inn dei me har bruk for, og me skal ha dei aktivitetane som var der før. Då må me sjå kva bemanning me treng til det. Me tek ikkje alt på ein dag, men med litt tid framover så håpar me å få det til. Me må ta det som det kjem, seier han.

– Kva er det som gjer at du skal få dette til?

– Optimisme og mot, trur eg, ler Fjellanger.

– Me må utnytta den gode kompetansen som er der. Det høyrest kanskje enkelt ut, men stålverksgjengen som eg har lært å kjenna det siste året, dei står på og er kreative i forslaga sine når eg snakkar med dei. Dette trur eg me skal få til.

Kor mykje han betalte for stålverket held han for seg sjølv.

– Business er business, svarar han kort.