Hopp til innhold

SSO tek kontroll med eige plateselskap

Inspirert av den kommersielle musikkbransjen håper Stavanger Symfoniorkester å nå ut til eit større publikum. Også utanfor Norge.

Innspeling med SSO Recordings

SSO RECORDINGS: Her er symfoniorkesteret saman under ei av sine første innspelingar for SSO Recordings. I vindauget sit produsenten bak spakane.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Nå får Stavanger Symfoniorkester moglegheit til å bli målt mot dei beste. Me startar plateselskap og tek kontroll ved å trygga rettane, legga planar over tid og jobba meir strategisk, seier Stein Bjelland, som er Stavanger Symfoniorkesters innleigde rådgjevar med lang fartstid i musikkbransjen.

Stein Bjelland

Stein Bjelland har spelt i band, drive med artistutvikling, vore med i kulturrådsutval og næringsråd for musikk og lært amerikanarar om strøymetenester.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Nå skal han blankpolera artistprofilen til orkesteret i heimbyen, ved å starta opp SSO Recordings.

Først ut i Norge

Inspirert av store internasjonale orkester som Berlin-filharmonikarane og London Symphony Orchestra, er Stavanger først ute i den norske orkesterfamilien med å gi ut musikken sjølv.

Men med meir enn 30 millionar songar tilgjengeleg på nettet er det ikkje nok å berre vera der, seier Bjelland.

– Me jobbar med bakgrunnsfilm og djubdeintervju med teknikarar, produsentar og ikkje minst dirigenten. Når me då kjem ut på Spotify eller Tidal så er det som ein pakke med meir enn berre musikken. Me gir også ei ramme til å forstå musikken, seier Bjelland.

Men dei skal ikkje berre ut på nett.

– Me ser veldig fram til å laga vinyl også, seier Bjelland.

Støtte frå staten

Orkesteret har fått ein halv million kroner i støtte til digital satsing frå den nye kulturministeren.

Sigrid Røyseng, som er professor i kultur og leiing ved Handelshøyskolen BI, trur dei klassiske orkestera gjer lurt i å tenka nytt.

– Dei har lenge blitt sett på som ein konservativ del av norsk kulturliv. At ein skaper nye måtar å organisera eigne oppgåver på og nye måtar å kommunisera med publikum på er veldig interessant, seier Røyseng.

Over sommaren kjem den første utgivinga på SSO Recordings, med ei innspeling av Brahms 2. symfoni.