Hopp til innhold

Ønsker betre norskopplæring

– Det var vanskeleg når eg ikkje forstod nokon ting, seier Ruta frå Eritrea. Etter tre år i Norge har språket blitt betre, men sjukepleiarforbundet meiner det må brukas meir pengar på språkopplæring.

Sjukeheim

Helsefagarbeidar Ruta Michael har budd i Norge i tre år, og føler ikkje lenger at språk er ei hindring på arbeidsplassen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Hei, går det bra med deg? Ho spør med mjuk stemme og gebrokken stavangersk.

For tre år sidan kom sjukepleiaren Ruta Michael frå Eritrea til Norge som flyktning, og kunne ikkje eit ord norsk.

No arbeider ho fullt som helsefagarbeidar ved Mosheim sjukeheim i Stavanger.

Ruta Michael

Det er viktig å spørje om du ikkje forstår, meiner sjukepleiar Ruta Michael.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det er stor forskjell på å arbeida her og i heimlandet mitt, seier ho.

– Den aller største utfordringa var språket. Det var vanskeleg. Men det var verst i starten, no går det bra, understrekar ho.

– Langt igjen

Kirsten Harstad

Hovudtillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund i Stavanger kommune, Kirsten Harstad, meiner sviktande språkopplæring kan få alvorlege konsekvensar.

Foto: Privat

– Det kan vera så mykje som 27 nasjonalitetar som arbeider på ein sjukeheim, seier hovudtillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund i Stavanger kommune, Kirsten Harstad.

Ho meiner me har langt igjen før språk blant utanlandske sjukepleiare er på stell, noko som kan ha konsekvensar.

– I verste kan det skje ting som at dei ikkje oppfattar det pasienten seier, eller at det skjer feil og misforståingar mellom to tilsette.

Harstad meiner det bør fokuserast meir på å løysa dette problemet.

– Me kjem ikkje til å klara oss utan den utanlandske arbeidskrafta, men det må setjast av meir tid og ressursar til norskopplæring.

Strengare språkkrav

Språkopplæringa har blitt betre, ifølge nestleiar for levekår i Stavanger kommune, Astrid Reiestad Førli.

Hausten 2014 blei det innført strengare reglar for norskferdigheiter før fast tilsetjing i helsesektoren. Søkarar må nå bestå ein test der dei blir godkjent på eit såkalla B1 nivå.

– Me arbeider heile tida med å heva språknivået til dei som treng det, og det er eit mål at alle skal ha den naudsynte opplæringa for å kunne utføra det arbeidet dei står i, seier Førli.

Opp til arbeidsgjevar

Men dei nye krava gjeld berre nytilsette frå og med hausten 2014, ikkje dei som vart tilsette før dette.

Denne gruppa kan òg få ytterlegare språkhjelp, men det er opp til arbeidsgjevar å bestemma om dette er naudsynt.

– Me er jo veldig glad for at desse kjem for å arbeida i Norge, men me er også veldig opptekne av at dei må læra seg norsk, seier Harstad.