Hopp til innhold

Stavanger kommune sponsar Falck-registrering på nyinnkjøpte syklar

I løpet av eit år blir det meldt rundt 1000 sykkeltjuveri på Stavanger politistasjon. Nå har kommunen fått nok, og går nye vegar i kampen mot sykkeltjuvane.

Brit Schanche Hidle

Brit Schanche Hidle har både ein feit sykkellås (ordre frå ungane) og Falck-registrering for å sikra tohjulingen sin i Stavanger.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Denne er ny og veldig fin, den har ingen klart å ta ennå, seier Brit Schanche Hidle om sykkelen sin.

Ho har både ein feit sykkellås (ordre frå ungane) og Falck-registrering for å sikra tohjulingen.

Men sistnemnde kunne ho fått gratis, om ho hadde kjøpt sykkel nå. Stavanger kommune har sett av 100.000 kroner for å sponsa Falck-registrering til dei som kjøper ny sykkel.

Kommunen betaler for Falck

Ein gong stal nokon ein gammal sykkel frå garasjen til Schanche Hidle, men ho kjenner seg likevel trygg når ho sett frå seg den nye.

– Eg parkerer i byen, ja kor som helst. Heime står sykkelen i garasjen, seier ho.

Sykkel i Stavanger

Roar Børresen.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Me gjer dette for at det skal bli enklare for politiet å sjekka opp om ein sykkel er stolen eller ikkje, seier leiar for sykkelprosjektet i Stavanger kommune, Roar Børresen.

Dette vil i praksis sei at dersom du bur i Stavanger, og kjøper ny sykkel, så betaler kommunen dei 400 kronene det kostar å registrera den. Ordninga skal i gang før sommaren.

– Skal bli enklare

Børresen fortel at pengane også skal brukast på å gjera registreringa enklare.

– Me skal i alle fall gjera det veldig mykje enklare å få registrert syklane, både for butikkane og dei som kjøper syklane.

Sykkel inne på kontor

KJEPPAR I HJULA FOR SYKKELTJUVANE: Roar Børresen jobbar med sykkelsatsinga i Stavanger kommune. Nå vil han sykkeltjuvane til livs. Sjølv sikrar han sykkelen sin på denne måten.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Når sykkelen er registrert så hamnar den i eit register med meir enn 6 millionar syklar, som politiet har tilgang til, og som dei brukar for å sjekka om ein sykkel er stolen eller ikkje.

Registeret kan også brukast av folk som kjøper sykkel på Finn.no, for å sjekka om det er ein stolen sykkel du kjøper.

– Mange gonger heilt umogleg å finna eigaren

– Det viktigaste er rammenummeret. Har me det så er det i alle fall mogleg å finna tilbake til ein sykkel, seier Ketil Tjørhom, avsnittsleiar på operasjonssentralen ved Stavanger politistasjon.

Han har så langt i år fått inn 250 meldingar om sykkeltjuveri. Vanlegvis hamnar det på om lag 1000. Det er dette talet kommunen vil ha ned, og det er politiet glade for.

– Det er jo mange gonger heilt umogleg for oss å finna eigaren av ein sykkel, så då hamnar den jo på hittegodsauksjonen, seier han.