Hopp til innhold

Sov i fjøset då vatnet tok over huset

Garden til Siv-Mette Hove og mannen på Hovsherad i Lund kommune blei hardt råka av flaumen – fjøset blei redninga.

Sov i fjøs

Siv-Mette Hove sov godt i fjøset etter ein lang dag med kamp mot vatnet.

Foto: Privat

– Heile kjellaren står under vatn. vatnet stod nesten heilt opp til kjøkkenet, fortel Siv-Mette Hove.

Ho og familien måtte koma seg ut av huset då vassmassane velta inn grunna flaumen etter ekstremvêret «Synne». Ungane blei sende vekk, medan ho og mannen blei att på garden.

– Våga ikkje å sova der inne

Vatnet kom så fort at familien ikkje fekk tid å rydda vekk møblar og eigedelar før kjellaren stod under vatn.

– Me høyrde det knase og brake, og brått fossa vatnet inn. me arbeidde med å få vatnet unna frå tidleg på morgonen, men det gjekk berre ikkje.

Då vassmassane velta inn i huset var fjøset godt å ha. Hove fortel at fjøset er ganske nytt, med eit lite vaktrom på loftet der dei vanlegvis søv når kyrne skal kalva, for å vakta over dei. Vaktrommet blei redninga då huset blei ubebueleg.

flom hus

Vatnet steig fort, og heile kjellaren var raskt under vatn etter at 'Synne' trefte Hovsherad.

Foto: privat

Sov godt etter hard dag

– Var det ubehageleg å ligga ute i fjøset og tenka på kva som skjedde med huset?

– Det var det faktisk, og eg var veldig spent på korleis det ville gå. Nede i kjellaren stod jo vatnet over vindauga og alt. Og siloballane låg og flaut i heile gardsrommet.

flom kjeller

Heile kjellaren står under vatn.

Foto: privat

Trass i tankane på korleis det ville gå med huset, så fekk dei sova der dei låg i fjøset.

– Eg var sliten etter å ha arbeidd frå tidleg til seint. Me gjekk i vatn heile dagen, og var så kald eg hadde i kjensle i føtene. Så eg sov godt.

Det dei stod opp til var hakket verre enn det dei sovna frå kvelden før.

Aldri opplevd liknande

– Då hadde det kome inn i garasjen, og stod opp under bilane. Inne i huset var alt som kvelden før. Anna etasje var heilt fin, heldigvis.

Ute er det meir kaos. Dei rundt 700 siloballane som låg lagra på garden flyt nå over alt.

– Me har aldri opplevd noko slikt før. Me bur på garden til svigerforeldra mine. Dei har budd her i mange år, og har heller aldri opplevd liknande, seier Hove, men understrekar at det går bra trass i alt.

– Driftsbygningane er ikkje råka, dyra har det bra og alt som er skada kan erstattast.

Flom i Hovsherad under Synne

Siloballar flyt fritt på garden

Foto: privat