Hopp til innhold

Song om regnsommar i Rogaland

Sjå innslaget frå 2001 – då Øystein og Øystein for første gong var aktuelle med ein sommarhit.

Sjå innslaget frå 2001 – då Øystein og Øystein for første gong var aktuelle med ein sommarhit.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk i Rogalandsnytt 22. juni 2001.

Førre veke kunne ein høyre Øystein Ellingsen frå Egersund og Øystein Ellingsen frå Stavanger syngja om Lyren «fjordens gløymde grå eminens» i NRK Rogaland sine TV-sendingar og på radioen.

Håpet til duoen er at lyrsangen skal bli ein sommarhit, men dei som trur dette er første gong Øystein og Øystein prøver seg på noko slik tar feil.

I 2001 fann dei også fram gule sydvestar og serverte den herlege sommarsongen «58 millimeter». Videoen ser du øvst i artikkelen.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettsidene våre.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK