Hopp til innhold

Små kraftverk held liv i bøndene

Mange bønder slit med å få endane til å møtast. Eit eige kraftverk gjer at fleire kan sjå lysare på framtida.

Sveinung Havrevoll, bonde med mikrokraftverk i Suldal, Rogaland.

Mikrokraftverk held garden til Sveinung i live.

– Eg er heilt grøn på straum, det er noko eg ikkje har peiling på, seier bonde Sveinung Havrevoll om kjelda som er mykje av grunnen til at det framleis er godt med liv på garden hans.

– Tøft å driva gard

Han er busett på Hamrabø som ligg i ei fjellside knappe fire mil frå Sand i Suldal kommune i Rogaland. På den øvste garden har han og kona over 100 vinterfora sauer, ti kyr og 20 purker.

Snøen dekkjer framleis jorda utanfor låvedøra, samstundes er elva 100 meter unna stri av smeltevatn. Her durar mikrokraftverket i harmoni med elvebrusen døgnet rundt. Ei viktig inntektskjelde for Havrevoll.

– Å vere bonde er både interessant og kreativt, men det økonomiske ligg i bakhovudet heile tida. Ein skal gå i pluss, men det er tøft å driva gard i dag. Utgiftene stig meir enn inntektene. Eit slikt mikrokraftverk har hjelpt oss med å redusere straumutgiftene, samstundes som vi får ein viss sum inn i månaden, seier han.

Auke på landsbasis

Mikrokraftverket kom på plass i desember 1996. Havrevoll var den fyrste personen i Suldal som starta opp eit eige kraftverk.

Sidan den gong har fleire gjort som han. I dag er det 45 kraftverk i kommunen, 37 av dei er små kraftverk som har dukka opp etter 1996. Det same har skjedd på landsbasis. Sidan 1999 har talet gått frå 537 til 1060 små kraftverk i Noreg i dag.
– Småkraftverk begynte allereie tidleg på første halvdel av 1900-talet, men då som grendekraftverk, seier Terje Engvik, prosjektleiar på fornybar energi i Norges Bondelag.

Terje Engvik

Terje Engvik, prosjektleiar på fornybar energi i Norges Bondelag.

Foto: Privat


Likevel var det ikkje før i 1991, då Stortinget vedtok ei ny energilov, at den store interessa skaut fart blant privatpersonar. Då særleg blant bøndene.

Lovendringa var ei liberalisering av energien som fanst i elvar landet rundt. Aktørar vart likestilt og det vart ein fri nordisk marknad.

– Slike kraftverk er ei flott bygdenæring. I dag er det fleire bønder som slit med å få økonomien til å gå rundt. Dei må nytte seg av ressursane som dei har tilgang til, og slike kraftverk er ei sikker og god næring som genererer inntekter, seier Engvik.

Les også:

Havrevoll tek fyrst ut den straumen han treng sjølv, det som vert att sel han vidare til Fjordkraft.

Sjølv om kraftverket hans er eit av dei minste i kommunen, er det likevel mykje å hente i eit mikrokraftverk. 150 liter i sekundet renn gjennom røyra og ned til generatoren.

Av dette vert det produsert nok energi til å dekkje årsforbruket til 25 bustader. Meir enn nok energi til garden, pluss litt til.

Kraftverket har betalt seg

– Eg likar både sol og regn, det er eg avhengig av for å få avlinga til å gro, seier han.

Havrevoll gnir seg ikkje i hendene, mens han ser tusenlappane renne i strie straumar forbi garden.

Heller ikkje som regn eller smelta snø. Sjølv om han investerte om lag ein million kroner for eit eige kraftverk, er gode vilkår som gardsbrukar aller viktigast.

– Då har den summen vi får inn i månaden sjølvsagt mykje å seie, det er jo noko av grunnen til at både eg og kona kan behalde desse arbeidsplassane som vi har i dag, seier han.

– Har kraftverket betalt seg?

– Ja, det har det. Året etter at kraftverket starta opp, så var straumprisen nede i to øre. Men eg har følgt nøye med på energibehovet, og eg var sikker på at det kom til å stige. Det gjorde det også, så eg var aldri redd for at det ikkje kom til å betale seg, svarar han.

Positiv ordførar

– Eg plar å seie at smått er blitt stort i Suldal, seier ordførar i kommunen, Torkel Myklebust.

Ordfører i Suldal kommune, Torkel Myklebust, er positiv til kraftutbygginga i kommunen.

Ordføraren rosar initiativtakarane som vel å byggja små kraftverk.

Totalt produserer Suldal kommune over 100 GWh. Like mykje som eit årsforbruk til 5000 bustader.

Kommunen har berre 3872 innbyggjarar, til og med Statistisk sentralbyrå ringte kommunen for å høyra kva som skjedde då det vart registrert meir straum ut enn inn. Ikkje rart ordføraren er elektrisk når han snakkar om livsnæringa til bygda.

– Mykje av dette kan vi takke kreative bønder for. Hardt arbeid og tiltakslyst gjer dette mogeleg, seier Myklebust.

Han er godt fornøgd med tala han får framvist. 37 nye små kraftverk dei siste 18 åra har hatt mykje å bety for kommunen i Ryfylke.

– Fyrst og fremst liker vi at det er aktivitet i kommunen, og dette skaper god aktivitet. Det gjev grunnlag for mange bønder til å drive vidare på gardane sine, og det er grunnlag for entreprenørane i kommunen. Samstundes gjev fleire av desse små kraftverka inntekt til kommunen gjennom skatten, seier ordføraren.

Les også:

At kraftverk bidreg til å halde liv i bygda er ikkje Myklebust åleine om å tru. Engvik i bondelaget kunne ikkje vore meir einig.

– Ein treng ikkje vere elektroingeniør for å starte opp dette. Når slike ressursar ligg som nærmaste nabo, er det sjølvsagt at det vil halde fleire på bygda, seier han.

Naturvernforbundet er skeptisk

Ikkje alle er like positive som ordføraren når det kjem til små kraftverk i norske vassdrag. Naturvernforbundet meiner at utbygginga er ute av kontroll.
– Dette er ei kjempeutfordring. I dag ligg det over 600 søknader hos NVE. Med eit så stor press vert ikkje søknadene behandla godt nok, ein gjer ikkje dei konsekvensutgreiingane som må til for å bevare det norske naturmangfaldet, seier fagleiar Arnodd Håpnes.

Arnodd Håpnes

Fagleiar Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet, meiner situasjonen er kritisk.

Foto: Naturvernforbundet


Han seier at Naturvernforbundet ikkje seier nei til all utbygging, men meiner at kompetansen om temaet må aukast, saman med behandlingstida, før NVE stemplar søknaden som godkjent og gjev konsesjon til utbygging.

– Små kraftverk kan høyrast koseleg ut, men det er mykje infrastruktur som må på plass for å byggje desse kraftverka. Ein skal ha veg inn til området, kraftlinjer skal ut, røyr skal leggjast ned, dette kan fort gå ut over naturmangfaldet, presiserer Håpnes.

– Men kva då med bønder og privatpersonar som seier at kraftverka hjelp dei med å framleis kunne bu på bygda?

– Vi ynskjer også å kunne halde oppe liv og matproduksjon på bygda. Men dersom dette går ut over økosystemet og levande natur, er ikkje ei slik utbygging berekraftig. Då må ein finne andre eller betre løysingar, seier Håpnes.

Ordføraren er einig med Håpnes, men seier at Suldal gjer ein god jobb med å bevare naturen best mogeleg.

– Det er ikkje slik at vi seier ja til alt her i Suldal. Søknadene vert behandla og vurdert nøye før vi gjer eit vedtak. Eg er sjølv mykje i skog og mark, og dei kraftverka vi har bygd ut meiner eg har ein minimal innverknad på naturen her i kommunen, seier Myklebust.

– Kortsiktig profitt

– Det er viktig å ikkje sjå på små kraftverk som ei setelpresse, det er ein viss risiko med dette, seier Ole Johan Østebø.

På Ropeidhalvøya på andre sida av fjorden frå Sand, skal han og to andre grunneigarar snart byggje eit nytt småkraftverk. NVE har gitt grønt lys, det er berre å setje i gong med bygginga.

Han skodar opp i fossen som brusar nedover fjellsida. Peiker og forklarar korleis kraftverket kjem til å sjå ut når det står klart i løpet av 2014. Men han kan ikkje juble enno, det tek tid å gjere vatn om til pengar og forteneste.

Ole Johan Østebø skal saman med to andre grunneigarar, byggje eit nytt småkraftverk.

Ole Johan Østebø sett snart i gong med eit nytt småkraftverk.


– Kraftverk er ikkje kortsiktig profitt, det er langsiktig finansiering som er den einaste løysinga dersom ein skal ta ut ei forteneste på noko slikt, seier han, og fortel at kraftverket kjem til å koste om lag 15 millionar kroner.

– Eg vil gjette på at det vil ta mellom 10–15 år før vi kan ta ut noko overskot frå dette prosjektet, seier han.

Verdt risikoen

Han har venta lenge. Til og med generasjonen før Østebø hadde kraftverk i tankane. No er han der, håpet om å kunne tene pengar på fossen til gardsbruk og privaten er nærare enn nokon gong.


Det er ikkje lett å få konsesjon til å byggje eit lite kraftverk. Dette vert strengt kontrollert av NVE. Det tek år før draumen kan bli verkeleg. Søknaden til Østebø vart sendt i 2007 – i dag er det 600 søknader på vent.

– Det er jo ein fantastisk ressurs som vi kan utnytte. Vi håper jo at vi vil få ein økonomisk gevinst av dette, slik at vi kan fortsette å bu her.

– Kan små kraftverk redde bygdenoreg?

– Eg trur vel ikkje det, men det vil vere eit godt bidrag dersom vi har moglegheit til å utnytte desse ressursane.

– Men risikoen vil du ta?

– Ja, den er vel verdt å ta.

– Då er du vel ekstra glad når det regner slik som i dag?

– Eg kjem nok til å vere endå gladare i 2014, svarar han med eit smil.