Hopp til innhold

Slipskonge på livstid?

Han skulle gå med nytt slips kvar dag i 150 dagar. Nå går det mot livstid.

Bjørn Hagerup Røken

SLIPSKONGEN: Bjørn Hagerup Røken frå Kvernaland har blitt kjent som «Slipskongen» etter han har byrja å legga ut daglege slipsbilete på Instagram.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Etter Jærbladet skreiv om prosjektet mitt har det teke heilt av. Berre i helga fekk eg 485 nye slips, fortel Bjørn Hagerup Røken.

Jærbuen har blitt kontakta av slips-samlarar frå fjernt og nært etter han har stått fram i media som ein slips-entusiast. I utgangspunktet var prosjektet hans å leggja ut eit Instagram-bilete av seg sjølv med eit nytt retroslips kvar dag i 150 dagar. Men nå har prosjektet ekspandert i takt med dei nye slipsa som har kome inn.

Koffert med slips frå 40-talet

– Eg må jo gå med dei nye slipsa eg har fått inn også. Det blir i alle fall 538 dagar til, seier Hagerup og ler.

Heile slipsprosjektet, som han på Instagram kallar «Slipskongen», starta då han var på ein pop-up-butikk på Sandnes for eitt år sidan. Her kjøpte han om lag 50 retroslips som han likte.

Stavanger Aftenblad var på plass og tok eit bilete av han. Dette førte vidare til at han blei kontakta av slipssamlarar som ville gi han slips.

– Då eg hadde 150 slips tenkte eg det kunne vera kjekt å syna dei fram. Derfor blei det eit nytt bilete med eit nytt slips kvar dag, forklarar han.

Då dette igjen blei omtalt i media, kom slipssamlarane nok ein gong fram frå mørket.

– Eg blei mellom anna kontakta av ei gamal dame frå Nærbø. Ho hadde samla slips i lange tider. Eg fekk ein heil koffert med slips. Dei eldste trur eg er frå 40-talet. Heldigvis er det klenge sidan ho slutta å samla, så alle slipsa er retroslips, fortel Hagerup.

Slips

STARTEN: Slipset i midten var det første retro-slipset Bjørn Hagerup Røken fekk augo opp for. Det var kona som hadde det i kledeskåpet sitt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Har ein misjon

At det var så mange der ute som er gladeleg gir vekk slips visste Hagerup lite om då han starta. Men dersom det held fram på denne måten, kan det gå mot livstid med slips.

Noko som ikkje er krise for Hagerup, som også har ein misjon med prosjektet sitt.

– Eg ønsker at fleire folk skal få augo opp for slips, og ta dei i bruk. Eg jobba ei stund i Statoil, og det er litt synd at arbeidsuniforma nå er blå skjorte med øvste knapp open og dongeribukse, seier han.

Slipset er menn sin moglegheit til å variera fargar og mønster, forklarer han vidare.

– Dessutan prøver eg å ta det litt ned og gjera det kvardagsleg.

Slipskongen

STORT PROSJEKT: Kvar dag legg Bjørn Hagerup Røken ut bilete slipset han har på seg. Det skal han gjere heilt til han har gått med alle slipsa sine.

Foto: Skjermdump