Hopp til innhold

Slik skal Stavanger spara 69 millionar

Måndag la rådmannen i Stavanger fram sine forslag til korleis kommunen skal spara 69 millionar kroner. Kutta rammar hardt skular og barnehagar.

Stavanger frå sjøen

Mindre skatteinntekter og aukande arbeidsløyse er blant årsakene til at Stavanger nå må kutta i budsjetta.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Rådmann

Rådmann Inger Østensjø og økonomidirektør Kristine Hernes.

Måndag føremiddag la rådmann Inger Østensjø og økonomidirektør Kristine Hernes fram statusen for den hardt pressa økonomien i Stavanger då dei la fram tertialrapporten per. 30.04.2015.

På møtet, der både media og politikarar var til stades, la rådmannen fram sin plan for korleis kommunen skal klara å spara 69 millionar kroner i budsjettåret 2015.

– Hastar å gjera noko

Spareplanen kjem på toppen av alt vedtatte innsparingar på 170 millionar kroner i desember i fjor.

– Inntektene sviktar såpass dramatisk at det hastar å gjera noko, men eg meiner me har eit veldig godt grunnlag for å få dette til, sa rådmann Inger Østensjø då ho inneleia møtet i formannskapssalen.

– Skatteinntektene sviktar utover det som blei lagt til grunn tidlegare, og skattesvikten i Stavanger skjer raskare enn i resten av landet. Arbeidsløysa aukar og er nå på nivå med resten av landet, held rådmannen fram.

Her er rådmannen sine forslag til kutt:

  • Barnehage: 12,2 millionar
  • Skule: 16,5 millionar
  • Levekår: 17,8 millionar
  • Barn og unge: 1,8 millionar.
  • Bymiljø og utvikling: 14,9 millionar kroner
  • Økonomi og personal og organisasjon: 5,4 millionar
  • Samfunnsmedisin: 1,1 millionar kroner
  • Stavanger eiendom: 3,9 millionar kroner.
  • Park og vei: 6,4 millionar kroner
  • Idrett: 4,6 millionar.
  • Kultur og byutvikling: 2,3 millionar kroner.

Rammar alle område

Inger Østensjø seier Stavanger kommune i lengre tid har vore førebudde på dei nye kutta på nesten 70 millionar kroner.

– Kutta rammar alle område; skular, barnehagar, pleie- og omsorg og kultur- og idrett.

– Må folk rekna med nye kuttrundar?

– Det er veldig vanskeleg å spå om framtida. Det viktigaste for oss er å følgja godt med og vera så i forkant som mogleg når det gjeld prognosane på inntektene, seier rådmann Østensjø.

– Blir heilt sikkert endringar

11. juni skal tertialrapporteringa behandlast i formannskapet. Der må politikarane ta stilling til kuttforslaga.

– Dette er rådmannen sitt forslag og endringar blir det heilt sikkert. Nå skal me gå gjennom forslaget punkt for punkt og sjå kva som er viktig å ikkje kutta på, seier ordførar Christine Sagen Helgø (H).

Ho seier fleirtalspartia i Stavanger spesielt er opptatt av å skjerma tilboda til barn og unge.

– Me må gå nøye gjennom kuttforslaga som gjeld barnehagar og skular. Samstundes veit me at inntektene er lågare enn før. Då må me setja tæring etter næring.

For opposisjonspartiet Arbeidarpartiet blir det viktigast å skjerma dei svakaste gruppene i samfunnet.

– Derfor har me sagt at me prioriterer barnehagar og skular og omsorgs- og helsesektoren. Der vil me først og fremst sjå på skjerming, seier Cecilie Bjelland (Ap).