Hopp til innhold

Slik ser bakeriet ut etter brannen

For nesten to veker sidan måtte bakar Roger Vik frå Sauda sjå bakeriet sitt gå opp i røyk. Åtte av dei tolv tilsette har blitt sagt opp, men håpet er å starte bakeriet opp igjen.

Roger Vik

Roger Vik mista bakeriet han dreiv i ein brann for snart to veker sidan. Bak han er restane.

– Her luktar det, og det ser fælt ut. Det er store brann- og vasskadar.

Roger Vik er tilbake i bakeriet sitt. For snart to veker sidan vart det totalskadd i brann. Brannen var så kraftig at store delar av Sauda sentrum blei evakuert.

No står den 21 år gamle bakaren i ruinane av det som var hans og elleve andre sin arbeidsplass.

Brannen i bakeriet i Sauda viser godt igjen på avstand
Foto: Eirik Birkeland

Har sagt opp tilsette

Sigurd Jensen, dagleg leiar i Leif Moe

Dagleg leiar i nabobutikken Leif Moe, Sigurd Jensen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er trist. Eg tenkjer mykje alle dei som jobba her, og ikkje berre meg sjølv, seier Vik.

For åtte av dei tolv tilsette har blitt sagt opp etter brannen.

Nabobutikken som ligg vegg i vegg med bakeriet har også blitt ramma. Varene er sotskada og butikken må fiksast opp. Det kan ta alt ifrå ein til ti månadar.

– Det var som å få spent beina under seg. Me trengde ikkje dette akkurat når vårsalet startar. Så det er surt, seier dagleg leiar i nabobutikken Leif Moe, Sigurd Jensen.

Folk saknar samlingsplassen

Svein I. Jensen

Svein I. Jensen seier saknet etter bakeriet er stort.

Foto: Thomas Halleland / NRK

På gata i Sauda er saknet etter det tradisjonsrike bakeriet stort.

– Eg håpar verkeleg at dei startar opp igjen. Det fortener både dei som prøvde no og bygda. Det var ein samlingsplass. Det var der folk var innom, tok ein kopp kaffi, og drøste, seier Svein I. Jensen.

Kva som skjer vidare for den unge bakaren er framleis uvisst. Men håpet er å starte opp igjen bakeriet.

– Det er det som er planen. Men tida vil visa, seier Vik.

Brann Sauda

Bakeriet blei totalskadd i brannen.

Foto: Åse Karin Hansen/NRK