Hopp til innhold

Kristoff mista leiartrøya

Danmark stakk av med dagens etappesiger i Tour des Fjords. – Sansane for å ta samanlagdsigeren er mykje mindre nå, seier ein skuffa Alexander Kristoff etter etappen.

Danmark stakk av med dagens etappesiger i Tour des Fjords. Alexander Kristoff.

SJÅ VIDEO: Alexander Kristoff etter han kom i mål i Forsand.

Magnus Cort Nielsen

Magnus Cort Nielsen etter målgang i Forsand.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK
Tour des Fjords, tredje etappe, Alexander Kristoff

Tredje etappe i Tour des Fjords gjekk mellom Hjelmeland og Forsand i Ryfylke. Starten gjekk klokka 13.45. Bilete er frå Tveitkrysset i Årdal klokka 15.30.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

I dag var det duka for etappe nummer tre i det nesten 900 kilometer lange sykkelrittet Tour des Fjords frå Bryggen i Bergen, via fjordane i Hardanger til målgang i Stavanger. Dagens etappe mellom Hjelmeland og Forsand var på 163 kilometer.

Først over mållinja kom danske Magnus Cort Nielsen (21).

– Dette var fantastisk. Det var ein hard dag, men laget hjelpte meg og då eg slo på adrenalinet visste eg at eg skulle klara det, seier Cort til TV2 etter han kom i mål.

Før dagens etappe sa Alexander Kristoff til NRK.no at hovudfokuset var på samanlagt-resultatet, og at ein etappesiger ikkje var det viktigaste i dagens etappe.

Kristoff tok spurten i hovudfeltet og hamna til slutt på ein 10. plass.

Nå er det dansken som har leiartrøya, medan Alexander Kristoff ligg på ein samanlagt fjerdeplass. Ti sekund bak førsteplass.

God sesong

Cort Nielsen har hatt ein strålande sesong. Berre i mai har det blitt fire sigrar på han. Totalt har han ni sigrar denne sesongen.

Dansken var i ei gruppe på ni som fekk eit forsprang mot slutten.

Kristoff og hovudfeltet tok kraftig innpå dei ni i tet på tampen, men det heldt ikkje. 26-åringen er fråkøyrd med 13 sekund i samandraget. Katjusja-laget er ikkje sterkt nok når det går oppover.

– Det blei litt som frykta. Me fekk kontroll på det, men det blei tungt mot slutten. I ei slik løype som dette har me ikkje kapasitet i laget til å halda oss med. Eg skulle gjerne hatt fleire med meg mot slutten, sa Kristoff.

I Ryfylke blei overmakta for stor.

Vanskeleg å ta leiartrøya tilbake

Etter fredagens etappe blir det ikkje lett for Kristoff ta tilbake den gule leiartrøya. To etappar står att før målgang i Stavanger sundag.

– Eg gjer på ein måte litt opp samanlagdsigeren nå, og går for etappesigrar, sa Kristoff til NRK etter dagens økt.

Dei tre beste i 3. etappe:

  1. Magnus Cort Nielsen (DAN / CUL)
  2. Michael-Valgren Andersen (DAN / TCS)
  3. Jérôme Baugnies (BEL / WGG)